onsdag 25. august 2010

Uteplass

Under restaureringa av løa fann me mange tjukke, store heller i golv og låvebru. Desse fekk me god bruk for då me pussa opp rundt løa sidan Jorunn såg at dei ville passa fint som golv på ein uteplass der steinen til støypesiloen hadde lege. Jordmassane vart grevne ut og det vart fyllt inn att grov pukk og eit lag med fin singel på toppen. Oppå der vart så hellene lagde. Det vart eit heller grovt golv men vil nok fungera heilt fint. På kanten ut mot tunet lagde me til eit bed der det vart planta stauder og sett ned ei hengepil. Oppå kanten var det allereie sett opp eit par stabbesteinar for å sikra at ingen køyrde utom kanten.
Og så var plassen ferdig. Ikkje store jobben, eit par timar men ein viktig detalj for å gjera det fint rundt løa og på tunet.

tirsdag 24. august 2010

Møkajobb

Møkakjellaren er eit kapittel for seg, ikkje å nemna landkummen. Under floren frå 1950 er det ein støypt møkakjellar og ein landkumme. For dei som ikkje veit kva land er så er det kort sagt kupiss. Florar på den tida vart bygde med såkalla skilt anlegg - dvs at møk og land vart samla i kvar sitt rom. Landet vart så til å byrja med køyrt ut i tønne, senare når det vart tilgang til plastslangar vart det nytta og i den tida eg hadde husdyra brukte eg ei vakuumvogn. Møka vart køyrt ut med hest og slede på ettervinteren.
Men no må altså desse romma vaskast grundig og setjast i stand til nye føremål, mellom anna skal varmesystemet inn der.
Jobben med å saga hol i veggen til landkummen og rehabilitera betongen i møkakjellaren var det Hansen hjå Skutle Betong som tok seg av. I taket av kjellaren er det ein dragar, denne var byrja å verta dårleg og armeringa låg i dagen så denne måtte reparerast, i tillegg var det litt meir knask. Dette arbeidet vart gjort i den kaldaste vinteren på lang tid så me måtte dekka opninga og ha ein varmeovn ståande på, dette førte sjølvsagt til at Hansen lukta heller stramt etter endt arbeidsdag.
Når han saga hol i veggen inn til landkummen oppdaga me at det var tjukk is der inne. Mesteparten av denne tinte me med eit stort tilleggtil årets straumrekning - vifteomnar i eit par veker. Deretter vart mesteparten tømt ved hjelp av vakuumvogna til Lars Aslak Flatekvål. Resten av tømminga skreiv eg om i eit innlegg for ei stund sidan.
Det som står att no er vasking og evnt oppretting og støyping av golv i møkakjellaren. Golvet der er nemlig laga slik at land i møka skulle samla seg i botn på midten og ikkje renna ut, no derimot, treng eg eit plant golv.
Mykje godt arbeid her enno så det er nok ikkje siste gong eg skriv om møkakjellaren.

torsdag 19. august 2010

Den tida...

Tida strekk ikkje til nett for augneblinken noko de sikkert ser på aktiviteten på bloggen. Me er nett komne i hamn med årets jordbærsesong som strekte seg over nesten 6 veker mot normalt fire. Det har vore mykje vær og heller passeleg med bær så denne sesongen legg me no til kvile nederst i ei skuff! Det er også planteår i år, annankvart år plantar eg eit nytt hald og brakkar det eldste haldet. Me er no nett ferdige med å laga åker og har henta plantane i Birkenes nær Kristiansand - og jammen har me ikkje rukke å planta dei ut og. Me har hatt svært god hjelp frå to kjekke gutar frå Afganistan - Assad og Hazir, utan dei veit eg mest ikkje kor det hadde gått. Å planta alt sjølv med ein 54 år gamal rygg hadde nok teke eit par veker.
Me skal no endra fokus frå bær til løe att og me har fått signal frå kommunen om at byggesøknaden sannsynlegvis er klar i byrjinga av september. Det skulle difor vera mogeleg å starta opp midt i september. Me slepp altså å sjå arbeidsløysa i kvitauga denne hausten og :).

onsdag 11. august 2010

Golv

Etter restaureringa gjekk det omlag fem år før me i fjor haust sette i gang med vidare arbeid i løa. Den tida var nyttig i modningsprosessen til avgjerda om å starta opp med gjestetun.
Det første som måtte gjerast var å støypa golv i første høgda. Til dette arbeidet leigde me inn Skutle Betong, eit svært kompetent lite firma som kan dette med betong.
Som før beskrive var golva grovplanerte og oppfyllte med pukk. Grovplanert og plant viste seg å vera to ulike begrep så det måtte rettast opp ein del. Golvet i den største salen viste seg å vera umogeleg å retta opp samstundes som ein tok vare på takhøgda så det golvet er lagt med litt helling. Andre stader måtte ein gå laus og grava litt att, denne gongen med hakke og spade. Opprettinga vart gjort med store mengder singel som vart tippa inn låvedøra i ein stor haug før han vart frakta rundt og planert inne i dei ulike romma i løa. Deretter kom røyrleggjarar og elektrikarar på plass og la ned naudsynte røyr og trekkjerøyr før det vart finplanert igjen og kompaktert.
Neste trinn i prosessen var å leggja plast og styrofoam (isolasjon) før eg slapp til med å leggja røyr til golvvarmen. Me har lagt opplegg for golvvarme i alle golv så hjå oss skal ingen frysa :). Å leggja desse røyra var overraskande greitt takka vera eit enkelt system me kjøpte hjå Frode røyrleggjar. Det var skinner med spor i som skulle leggjast ut med eit visst mellomrom, deretter var det berre å rulla ut røyra og klikka dei ned i skinnene, snedde! Kva varmekjelde me skal nytta kjem eg attende til seinare, no er det golv.
Etter at me var ferdige med røyrene var det Skutle sin tur att med å leggja armering og ta den siste finpussen før betongbilen dukka opp med pumpe og laaang slange, tida med trillebårer er forbi. Skutlekarane spratt rundt og la ut betong, målte og nivellerte og på eit par timar var det støypt.Litt spesielt var det at det var den kaldaste vinteren på lenge, støypinga måtte gjerast på dagar med temperaturar mildare enn 10 minus og alt arbeidet gjekk føre seg med tjukke varmedressar, lange ull under og diverse anna varmt - fytterakkaren!
Du verden kor kjekt det var å gå i løa på fast golv etterpå, no var det etterkvart tydeleg å sjå kor fint det ville verta når det var ferdig.

torsdag 5. august 2010

Møkakøyring

I går tømde eg ut dei siste restane av møk i møkakjedlaren. Eigentleg var det botnslammet i landkummen som måtte ut. Dette var sannsynlegvis siste gongen det vart køyrt møk frå fjøs her på garden på ei stund, for alltid vert altfor sterkt sidan framtida framleis er ukjend :).
Det var eit skikkeleg skitarbeid og lukta av femti år gamalt slam kan knapt beskrivast. Mesteparten av slammet vart forresten tømt i vinter med tankvogn men det læg att eit par m2 som me ikkje fekk tak i då. No passte det fint å få det ut og molda ned i den nye jordbæråkeren eg skal planta om eit par veker.
So no er det tomt, då står det berre att å vaska tak og vegger med høgtrykkspylar, kosejobb det og, før golv, tak og vegger vert oppgraderte slik at kjedlaren kan brukast til andre ting.

onsdag 4. august 2010

Overnatting

Før me avgjorde at me skulle satsa på dette prosjektet var me rundt til mange stader som dreiv med noko liknande det me har tenkt på. Med få unnantak fekk me klare råd om at me burde ha høve til overnatting i tunet. Me var allereie i gang med å byggja om loftet til reiskapshuset til noko anna men no ombestemte me oss og gjekk i gang med å laga eit husvære. Me hadde allereie flytta inngangen til loftet frå vest gavlen til midt på oppsida ved å laga ei ark der, no laga me ei større ark på nedsida slik at det vart ljost og luftig. Deretter vart heile husværet gipsa på innsida, kanskje ikkje alt for lurt sidan det utløyste ein monumental sparkle og pussejobb, me vert muligens litt meir forsiktige med gipsplater heretter. Etter ein seig sparkle/pusse/målejobb, der særleg Erlend var aktiv, vart det lagt golv og montert kjøken. Deretter er det vorte fora ut rundt glas og dører og lista. Det som manglar no før me er ferdige med husværet er baderommet, fliser i vindfanget, kloakk og isolasjon under golvet så kanskje me er i gang til vintersesongen.