søndag 26. september 2010

Byggeløyve....

Det er spanande tider. Me har fenge ein del underhånda informasjon om at ting kan koma til å snu på slutten av veka. Me har kryssa alt som finnes av fingrar og tær og ligg med armar og føter i kryss om natta :) og står på og skaffar fram alt som trengs av informasjon for at det skal gå i orden.
Ei rosa som illustrasjon på von.
Følg med - dette vert spanande!

tirsdag 21. september 2010

Byggeløyve eller ikkje...

Som eg har skrive tidlegare heng prosjektet fast i prosessen med å få byggeløyve for tida.
Så langt har eg klart å finna ut at Fylkesmannen har ei meining om at prosjektet er for stort til at det kan koma inn under landbruk + begrepet og at me må søkja dispensasjon frå kommuneplanen der området her er sokalla LNF område. Dette krev sjølvsagt både tid og pengar og - her skal også Fylkesmannen gje uttale om han meiner det er greitt. I ytste konsekvens kan me verta pålagde å laga ein reguleringsplan før me får det i orden. Det korkje vil eller kan me av økonomiske årsaker, prosjektet er både dyrt og vågesamt alt i dag så dersom det vert kravd vert det stilt og roleg begrave.
Det er to ting me lurar litt på her; for det første så vart me av alle instansar oppmoda om å koma fram med alle planar med ein gong så ville det verta så mykje enklare. På førehandskonferansen med byggesak, landbruk, vegvesen osv var det full konsensus om at dette var eit typisk landbruk + prosjekt men Fylkesmannen si landbruksavd er tydelegvis av ei anna meining. Me har fått signal om at det var for omfattande og difor datt ut or landbruk + omgrepet.
Javel? Meiner altså Fylkesmannen at det vert betre planlegging av å søkja stykkevis og delt?
Jaja, hadde me visst det hadde me sjølvsagt søkt berre om løo og ikkje teke med husværet på reiskapshusloftet.
Det andre me undrar på er; søknaden gjeld bruksendring på to hus som er vortne utdaterte som landbruksbygningar etter at drifta på garden er omlagt. Me kunne sjølvsagt berre lete dei stå og forfalla eller rive dei ned, noko me ser i ettertid sikkert hadde vore det fornuftigaste, men me ville gjerne utnytta potensialet i dei og prøva å laga ein arbeidsplass på bruket. Dette skulle eigentleg vera sjølve kjerneideen i landbruk + så me undrast på kva Fylkesmannen si landbruksavdeling eigentleg meiner kjem innunder omgrepet.
Slik står no saka no då - i uvisse - kommune og Fylkesmann skal ha eit møte neste torsdag der temaet skal drøftast, kanskje me vert klokare då...følg med!

mandag 20. september 2010

Nytt golv i løo 2


Me hadde opprinneleg tenkt at andre høgda i svolene skulle kunna nyttast til noko, t.d. galleri. No viste det seg at etter at golva var støypte så vart det så som så med takhøgda nede. Me måtte flytta golva opp eit stykkje på tømro for å få 2,60m i høgd nede, som vel er minimum i eit så stort rom. Dette førte til at det vart for lågt under taket i svolene til at me kunne bruka dei til det me hadde tenkt, så spørsmålet vart om me skulle ha golv der i det heile. Etter ein del vurdering landa me på at me ville ha golv, me tykte at rommet nede ville verta litt "rart" med tak i midten og ope rundt, men også fordi me såg at me kom til å trengja lagerrom. Litt tronge lagerrom vart det men alt er betre enn ingen lagerrom og når ein byggjer om eit så gamalt hus som er planlagt til heilt andre ting må ein vera førebudd på kompromiss - mange kompromiss.

lørdag 18. september 2010

Kor gamal er løo?

Kor gamalt kan huset vera, det er eit spørsmål sikkert fleire enn me har stilt seg. Det me veit er at løa vart sett opp på den staden ho står no i tida mellom 1860-65. Det var på den tida han tipp oldefar, Peder, snudde opp ned på tunet og lagde eit moderne firkanta tun i stadenfor eit rekkjetun. Han flytta dei fleste husa og bygde ei ny lemstove inntil den gamle røykstova. slik står i store trekk tunet den dag i dag og men det har kome til eit reiskapshus og bustadhuset vårt, og gamlefloren er riven.
Som regel når dei reiv og bygde nytt før i tida vart det som var brukande av det gamle huset brukt på nytt. Noko å læra der kanskje.. I løo ser me tydeleg at ein del av tømro er annleis enn resten, desse stokkane er også merkte med romartal som er eit prov på at dei har vorte flytta. Ein liten oppteljing viser at omlag helvta av løa er laga av tydeleg eldre stokkar, sannsynlegvis frå gamleløa.
Så er spørsmålet då, kor gamal var gamleløa? Ikkje godt å sei sidan det neppe ligg nokon byggesøknad i arkivet frå mellomalderen (enklare då!), men det me veit er at det er eit årstal skore inn i ein ospestokk som er ein del av den eldste delen.
Det står ANO 168(5?).
Det er vel kanskje truleg at dette vart skrive inn då løo vart sett opp på den tid, i så tilfelle er deler av løa over tre hundre år gamal.
Så er sjølvsagt spørsmålet - brukte dei deler av ei eldre løe då og? Tja, sannsynlegvis, men det veit me ingenting om.

fredag 17. september 2010

Nytt golv i løo

Ikkje noko nytt om byggesaka enno så i mellomtida får me fortelja litt meir om bygginga fram til no.
Etter at golva i første høgda var støypte og storkna:), var det på tide å få på plass golvet på laoen att. Om omgrepa er litt forvirrande så kan eg forklara det slik at i andre høgda i ei gamal vossaløe var det tre rom. I midten var laoen, inn i laoen kom ein via ei køyrebru - laoabruæ. På eine sida av laoen låg høybrotet der ein lagra tørrhøy og på andre sida låg konnbrotet der kodnet vart lagra.
På laoen hadde det altså vore golv men det var så dårleg at me laut riva det ned. No var tida komen til å leggja nytt og i same slengen ville me gjerne ha golv i høybrotet og konnbrotet og.
Før golvet kunne leggjast måtte det til ein del førearbeid. Tømmerveggane i konnbrotet var av løetypen, gisne og med litt luft mellom stokkane. Når det skulle leggjast råme til å festa bjelkane i måtte veggene stabiliserast. Dette vart gjort med å bora hol gjennom 4 omfar med tømmer og setja inn eit gjengejern der og skru saman desse omfara. Dette vart gjort med to meters mellomrom på kvar sidevegg. Desse samanskrudde stokkane verka no som ein dragar og kunne brukast til å halda råma for bjelkene.
Tvert over rommet var det seks meter, alt for langt til vanlege bjelkar med vanleg mellomrom. Me måtte altså bruka spesielle laminerte bjelkar kalla Kertobjelkar. Desse måtte me så leggja med 30cm mellomrom for å oppnå nok styrke og stabilitet. Litt dyr løysing men alternativet hadde vore ein dragar eller to under golvet og det var det rett og slett ikkje plass til for takhøgda sin del.
Deretter var det rett fram med å leggja råme på veggen og deretter festa bjelkene på denne før det vart lagt sponplater oppå. Me brukte spesielle sponplater der det var frest ned spor klar til å leggja vassrøyr for vassboren varme.
Dette arbeidet gjekk føre seg høgvinters i år i sprengkulde. Så kaldt og ufyse var det at snikkarane evakuerte til ein varmare oppdragsstad til det vart litt mildare att. Det er ikkje så veldig effektivt å snikra når ein er kledd opp som ein teddybjørn og har så tjukke vottar at ein trygt kan slå seg på tommelen med hammaren.

søndag 12. september 2010

Akkja, tide gaor.

Akkja, no var me skikkeleg gira på å setja i gang. Me har Voss Sparebank på laget, Innovasjon Norge er med, søknad om rammeløyve vart send 30.06 så me rekna med at i førstninga av september så var det full guff.
Men so viser det seg at søknaden vår, som var fremja i høve noko som heiter "Landbruk Pluss" eller "korleis skal me kunna leva av ein gard når dyrehald ikkje er lønsamt lenger" kanskje var litt for omfattande så sakshandsamaren på kommunen måtte senda den til uttale hjå Fylkesmannen. OK, tenkte me, det er vel han Lars det, som alltid har snakka så varmt om utvikling av tilleggsnæringar på gardsbruk, det går nok bra.
Men det gjorde det altså ikkje, ifølgje Fylkesmannen er prosjektet for stort til å koma innanføre "Landbruk Pluss", altså må me ha ein ny runde med søknad om dispensasjon frå kommuneplanen og kattane veit kva medan tide går.
Det går heilt sikkert bra til slutt når dei finn rett skuff å leggja det i men med forrige vinter (kalde vinter) i friskt minne hadde me ynskt at me kunne byrja litt tidlegare slik at håndverkarane slapp arbeida med to termodressar på, det hadde sikkert vorte rimelegare og.
Akkja...