tirsdag 6. desember 2011

Reportasje frå Store Ringheim i bladet Rett Hjem

I magasinet Rett Hjem som dukka opp i posten i dag er det ein fin reportasje frå Store Ringheim.
Sjå denne linken.
Mykje fine bilete og til glede for dykk som tykkjer me har vore litt sparsame med det :)

mandag 28. november 2011

Kokk?

Me er på jakt etter ein/ei kokk.
Me er på jakt etter ein kokk som vil følgja oss i jakta på den gode smaken, som har solid fagkunnskap, god fantasi, som vil laga gode, uvanlege rettar av lokalt råstoff, ståpå vilje og som trur han / ho kan halda ut med krevjande eigarar :)
Me er ikkje ein profilert stad enno, der berre navnet gjev ein løft på CVen. Men me har store ambisjonar og det rette mennesket lyt vera med på reisa mot å verta ein matstad som er ei reise verdt.
Kven me er (eller vil vera) kan de sikkert få eit gløtt av når de les gjennom denne bloggen og evnt ser på facebook profilen vår.
Store Ringheim er eit heilt tun, så langt er løo ferdig men det vert etterkvart både overnatting og andre ting.
I løo har me tre rom med servering - Konnbrotet, Floren og Tømmerstovo. Totalt 70-80 gjesteplassar fordelt på ca 120 stolar. Me har eit moderne storkjøkken med ein arbeidsstasjon og plass til ein til i trøngda.
Løo framstår i dag som eit spesielt bygg av svært høg kvalitet, me ynskjer å fylla ho med mat og opplevingar som står i stil med dette.

Er du rette personen så ta kontakt på post@storeringheim.no er du ikkje så hjelp oss i jakta med å dela denne posten på facebook profilen dykkar.

PS Dette hastar litt :)

fredag 28. oktober 2011

Røykjetid

Me har fått nytt røykehus i år. Stort og fint med røyken fint piplande opp i golvet etter å ha teke turen gjennom fem meter pipe frå den gode gamle Jøtul Peis 4 me hadde for mange år sidan. Huset funkar over all forventing og no er det i full bruk til røyking av pinnakjøt til årets jolabord sesong. Me tykkjer det er kjekt å servera heimelaga pinnakjøt, godt er det og - det er behørig prøvesmaka.
Me røykjer og ein god del halsar og halar til framtidige nattmat betasuppar, spekjekjøt lår har me sjølvsagt laga ein god del av. Me røykjer også ein del fisk, no i det siste har me laga ein del røykjerøyr av røyr frå Lønavatnet. Den vart faktisk retteleg god, me brukar ho ein del til forrettar og snacks.
Eit skikkeleg røykjehus er rett og slett ei velsigning!

tirsdag 25. oktober 2011

Jihaa - da går bra!

Lenge sidan eg skreiv noko her no, det har vore svært travelt hjå oss så det har vore lite tid.
Me har skrive litt tidlegare om både budsjett og voner om mykje besøk, dette var i ei tid då me ikkje hadde aning om korleis ideen vår ville slå an.
No kan eg sei at det har så langt gått over all forventing. Vossingane har verkeleg vist at dei set pris på ein slik stad som me prøver å laga og større eller mindre lag og andre har fyllt opp løa både helger og vekedagar. Det er rett og slett overveldande.
Me er audmjuke og svært takksame ovanføre alle som har vore på vitjing og til alle som har tinga seg plass i tida framover mot jol.
Tusen takk skal de ha alle saman!
Men det har sett og set oss stadig ovanføre nye utfordringar, alle desse gjestene skal takast godt vare på så dei kjenner seg heime her. Me to middelaldrande menneskje klarar sjølvsagt ikkje dette åleine, om me nokonsinne har trudd at det var nok er i alle fall motbevist no.
Me har vore heldige og har knytt til oss kjekke og flinke folk både på kjøkenet og ute i restauranten, allikevel har me stått på så hardt at det røyner så me må nok organisera litt meir.
Dette er uansett eit luksusproblem, faktum er at me har truffe eit stort behov i Vossabygda for ein god og spesiell eteplass der frityr og ferdigprodukt er bannlyst.
Hjarteleg velkomne til gards både nye og gamle gjester, me set stor pris på kvar og ein :)

søndag 7. august 2011

Mat frå grunnen og råvarer frå naturen

Me prøver å laga ein slik restaurant me alltid har sakna her i nærområdet. Me vil gjera det på vår måte og ikkje den mest lettvinte måten.
Me lagar all mat frå grunnen av og med råvarer så nær oss som mogeleg. Me driv og leitar opp småprodusentar av ulike ting i nærområdet, me prøver å finna sjømat frå området utanføre Vestlandet, me går i skogen og plukkar sopp, krydder og bær, fiskar i vatna på fjellet eller i Lønavatnet og har store voner til nyordninga med feltgodkjenning av hjortevilt.

Dette gjer at de som gjest hjå oss får ei matoppleving de ikkje får andre stader i nærområdet. Me vonar de set pris på dette og brukar staden og tilbodet vårt slik at me kan fortsetja på dette viset.

lørdag 30. juli 2011

Marknadsføring

Me må nok i tenkeboksen når det gjeld marknadsføringa av Store Ringheim. Med hederleg unnantak av venegjenger og fødselsdagar så er det litt lite vanleg trafikk av folk som vil eta godt eller berre drikka litt godt mikrobrygga øl eller vin.
Me har stort sett berre marknadsført oss gjennom denne bloggen og Facebook så langt og det har bringa passeleg med gjester for oss til å øva oss på men no er me såpass røynde at me kan takla litt meir :)
Me har prøvd med eit par lysingar i lokalavisa og fekk litt resultat av det - men det kosta litt meir enn det smaka så det kjem nok ikkje til å verta den vanlege kanalen vår.
Me har no byrja så smått å distribuera eit lite flygeblad me har laga, det skal verta spanande å sjå kor det virkar. Det vil også verta lagt ut informasjon og bilete via Destinasjon Voss og Hanen (straks me er innmelde).
Marknadsføring må vera presis og det er vanskeleg. Har nokon av dykk lesarar nokon gode råd? Legg dei inn i kommentarfeltet eller send oss ein epost, me set stor pris på tilbakemeldingar:)

onsdag 27. juli 2011

Meny i morgon

Skal prøva meg på hovudrettar for første gong. Har lege litt i hardtrening nokon dagar så eg trur det vil gå bra - kom og prøv då vel :) (om de torer:))





Meny Store Ringheim 28.07.11

Smørrebrød
1.  Leiren røykt aure med stua champignon                  Kr 85,-
2. Leiren røykt aure med reker og svart lodderogn     Kr 85,-
3. Tradisjonsmat skinke med eggerøra                        Kr 85,-
4. Egg med svart lodderogn                                       Kr 85,-
5. Salami med bacon og picles                                   Kr 85,-
6. Roastbeef med bacon og pickles, aioli                    Kr 85,-
7. “Rundtenom” Smørrebrød etter kokkens lune          Kr 85,-
    Tapas og Meze
8. Abondingas, små kjøtkaker i krydra tomatsaus      Kr 85,-
9.    Salte poteter                                                   Kr 60,-
10. Brød med olje og tomatsalsa                               Kr 65,-
11.  Alle rettar med heimelaga aioli og marinerte oliven

Hovudrettar
12. Lambafilet med skogssopp og grønsaker              Kr 285,-
13. Steikt laks med skogssopp og grønsaker              Kr 255,-
14. Vegetar wok                                                      Kr 200,-
     Servert med kokte eller råsteikte poteter,
     Wok`en med nudlar

Dessert og godsaker
15. “Undredalstallerken”,
      vellagra geitost og spekepølsa av geit,
      honning og jordbær.                                     Kr 100
                 
16. Div is frå Alm gard i Feios med
     brownie og jordbær                                      Kr 100,-

Me tilrår sider frå Lekve Gard i Ulvik til smørrebrøda, gjerne den lett sprudlande, tørre “Kvasshovden”. Det passar også godt med Bøyla frå Ægir Bryggeri
Til tapas har me ein litt kraftig raudvin “Gran Feudo Reserva  2005” i flaske eller” Canaletto Primitivo” i glas. Her kan det også passa med Brime Red Lager eller India Pale Ale frå Ægir.
Til dessertane er me attende til Lekve Gard sin tørre sider til isen eller Canaletto raudvin til ost og spekemat, det kan også vera godt med ein  Sumbel Porter frå Ægir, særleg inntil Brownies.

mandag 25. juli 2011

"Rundtenom"

Rundtenom er eit artig uttrykk me plukka opp ein gong i København. I ein liten kjellarkafe serverte dei enkle smørbrød. "Dagens" som det ofta heiter her heime var bytta ut med uttrykket "Rundtenom", forklaringa var at ein bestilte eit smørbrød utan å vita kva ein fekk, det var opp til kokkens "lune".
Skummelt? neidå, ikkje det minste sidan alle danske smørbrød er gode, men litt spennande var det.
Me har vidareført denne tradisjonen og har også "rundtenom" på menyen, skulle gå heilt greitt her på ekstreme Voss :) dessutan er kokken alltid i godt lune når det lid så langt på dagen:) Kom og prøv sjølve - me har ope torsdag til søndag kvar veke frå 15.00 til 24.00

onsdag 20. juli 2011

Smørrebrød

Då skal me ha ope i morgon og på fredag, laurdag skal me i brudlaup til nevøen vår, Morten, så då vert det stengt. Likeeins på søndag. Men så prøver me å koma inn i ein rutine med ope frå torsdag til søndag. Framleis med lett mat sidan det er Svein som kokkelerar, men det er god lett mat.
Me har satsa ein del på Danske Smørrebrød, dette fordi dei er etevenlege og smaksrike og har ein stor variasjon. Med etevenlege meiner eg at pålegget er lagt opp på rugbrød som er lett å skjera med vanleg kniv slik at det er enkelt å eta med kniv og gaffel. Eg har alltid irritert meg på baguettar og doble rundstykke som vel kan sjå lekre ut men dei er umogeleg å eta med verdigheit - reknar med at dei fleste har sølt majones og anna under forsøk på å eta slikt :)
Me har funne ein del oppskrifter i ei bok utgjeve av Ida Davidsen, i tillegg har me funne fram til ein del variasjonar på eiga hand. Sjølv om dei er Danske er råvarene Norske og helst kortreiste, me brukar mellom anna røykt aure frå Stamnes i staden før røgelax og me brukar spekekjøt frå Voss i staden for røget fårekjøtt. Majones, soppstuing og anna vert sjølvsagt laga frå botnen - ingen spann og tuber her.
Så de treng ikkje reisa til Danmark for å eta smørrebrød - stikk berre oppom Store Ringheim :)

søndag 17. juli 2011

Første søndagsmiddag

Det har faktisk vorte ein del tingingar.
No er det full guff på kjøkenet slik at me kan servera topp kvalitet mat. Ingen snarevegar, alt er laga frå grunnen, til og med soppen har eg vore i skogen og henta. Raud piggsopp, ei delikatesse i seg sjølv og endå betre inntil lam eller entrecote. Han er sjølvsagt sjekka av soppkunnige så det er ingen fare :)
Sopp og anna frå naturen vil verta naturlege råvarer på kjøkenet vårt framover, me ser mellom anna fram til ein god bærsesong, vilt og fisk frå vossaelvar og vatn.
Me har intensjonar å verta staden for dei gode smakane :)

lørdag 16. juli 2011

Meny 17.07.2011

Her er menyen for i morgon, berre snadder!


Ope for middagservering frå 15.00 til 20.00. Bord kan tingast på 95406135 eller kom på vona :)





Meny Store Ringheim 17.07.11

Smørrebrød
·       Leiren røykt aure med stua champignon                     Kr 85,-
·       Leiren røykt aure med reker og svart lodderogn        Kr 85,-
·       Tradisjonsmat spekekjøt med eggerøra                       Kr 85,-
·       Egg med svart lodderogn                                               Kr 85,-
·       “Rundtenom” Smørrebrød etter kokkens lune            Kr 85,-
Forrettar
·       Vaktel egg med tilbehøyr                                                Kr 98,-
·       Kokken´s reker på toast                                                  Kr 115,-
·       Varmrøykt laks med sjokolade og wasabi                    Kr 98,-
Hovudrettar
·       Aure frå Lønavatnet på Store Ringheim vis               Kr 220,-
·       Entrecote frå Selheim                                                     Kr 265,-
·       Lam ytrefilet                                                                    Kr 275,-
Dessert og godsaker
·       “Panacotta                                                                      Kr 90,-
·       Div is frå Alm gard i Feios med brownie og jordbær    Kr 100,-
·       Vaniljeis med jordbær                                                   Kr 50,-

mandag 11. juli 2011

Første helg med open restaurant / pub

No sit me litt utslegne etter ein hard byggeinnspurt og ein fin opningskveld. Me hadde ope på laurdag og sundag for folk flest men sidan me ikkje hadde annonsert noko anna enn på Facebook kom det nett passeleg med folk. Me vel å sjå på oss sjølve som "sjarmerande" uerfarne no i byrjinga men me treng nok ei bratt lærekurve i tida framover.
Me serverte småmat som smørbrød av dansk type på rugbrød med pålegg av råvarer frå nærleiken - sjå bileta på tidlegare innlegg, og ein tapastallerk med ulike smakebitar, gaspacho suppe, dippar, marinert oliven og brød med olivenolje. Sjølv om ikkje Geir Helge var på kjøkenet kom me vel i frå maten. Klart det hadde vore kjekkare å hatt ein større meny men den kjem med det første - me treng berre litt tid til å summa oss.

Me sleit nok litt meir med betalingsfunksjonen, me hadde sjølvsagt ikkje prioritert å øva oss med kassaapparatet så der var det litt klabb og babb - me produserte kanskje litt "moro" for talknusaren vår. Me hadde heller ikkje fått inn betalingsterminal så me brukte ei løysing med å tilby å senda faktura. Det er langt frå optimalt for gjestene men terminalen er låva på plass før komande helg så då vert det betre.

I kveld skal me setja saman ein ny meny av småmat for komande helg. Gode smakar skal det verta :)
Den kjem til å verta lagd ut på Facebook i god tid før me har ope, "lik" profilen vår så vert de automatisk oppdaterte.
Velkomne innom!

søndag 10. juli 2011

Bilete frå opninga

På denne linken vil de finna nokre utvalde bilete frå opninga.
Som de ser så var det ein kjekk kveld :)

lørdag 9. juli 2011

Første opningsdag


Då lakkar første opningsdag til endes. Det har ikkje vore spesielt travelt men så har me ikkje annonsert heller, anna enn på Facebook. Dette var medvite gjort sidan me ikkje er heilt innkøyrde i tralten enno  og har eit visst forbetringspotensial. Når det er sagt så er eg relativt viss på at alle dei 20-30 som var innom i ettermiddag og kveld gjekk ut at med eit nøgd smil om munnen.
Kokken vår byrjar ikkje fast før i september så inntil vidare er det Svein som svingar pannar på kjøkenet. Difor vert det kun lett mat som tapas, smørrebrød (Dansk type på lokale råvarer), kaker, is frå Alm gard og ein del anna godt. Solide middagar får de venta med til hausten men då..

Opninga i går gjekk heilt etter planen. Even Rokne kom dalande ned frå sky presis 18.00, han overrekte ei soks til Ordførar Gunn Berit som så klypte snora med god hjelp av barneborna våre Madelein og Nathalie. Deretter song Berit Opheim og Tora Opheim festlyden inn i løa. Der hadde me god, sprudlande sider og eplasjuice frå Nils Lekve i Ulvik og ein solid buffet med tapas kreert av kokken vår, Geir Helge. Innimellom talar både av Jorunn og meg spela dei flinke elvane i Voss Jazzskule under dyktig leiing av John Taylor. Etter at den offisielle delen var over vart mesteparten sitjande fram mot midnatt og kosa seg med prat og godt i glaset.
Litt bilete vil koma når me får tid, inntil vidare må de nøya dykk med eit bilete av smørrebrøda som vart serverte i kveld :)

onsdag 6. juli 2011

Opning

Fredag 8. juli vert det offisiell opning med litt festivitas for innbodne gjester. Første vanlege opningsdag vert laurdag 9. juli med opningstid frå kl 12.00 til kl 24.00.
Litt forseinka dette her etter kva me hadde planlagt men me får sitera Kielland: "De kommer sent skipper Worse, men de kommer godt!"
Kokken vår er ikkje 100% på plass enno, han har oppseiingstid ut august så før den tid vert det ikkje anna enn smakfull småmat som danske smørrebrød, tapas og liknande. Gode middagar vert det når han er vel installert.
Me vil i utgangspunktet prøva å ha ope frå torsdag til søndag, men ser de oss i tunet er det berre å stikka innom uansett.
Det vil verta stengt når me har tingingar på slutta lag. For å følgja med på kva som hender kan de gå inn på Facebook profilen vår og "lika" den, då vert de automatisk oppdaterte på den viktigaste kommunikasjonskanalen vår ut.
Kjem attende med litt bilete og div frå opninga etter fredag.

tirsdag 5. juli 2011

Jordbærsesongen er avlyst

Som de veit driv me med jordbær og torgsal. I år er det triste tilstandar i jordbæråkeren, ja så gale er det at det knappast vert sesong i det heile.
Frosten herja stygt med plantane i oktober i fjor, berrfrost på vat mark med ned mot -20C er ikkje bra for jordbærplantar. Florence gjekk heilt ut, dei tre år gamle plantane er no nedpløyde, der me planta i fjor ettersommar er det no planta nytt med Bounty, frostsvak den og men betre enn Florence.
Det som overlevde frosten har desverre vorte vanstelt litt med omsyn til insektsprøyting. Dei par dagane dette var mogeleg i vår sto tunet bokstaveleg talt på ende så det var umogeleg å få tak i sprøyta, dermed vart det fritt fram for jordbærsnutebilla og ho var ikkje vanskeleg å be.
Resultatet viser seg no - jordbæråker i juli utan raude bær. Trist, men me rister det av oss og satsar på neste år.

mandag 4. juli 2011

Klar til start

Då er me heilt klar til start. Me har planlagt offisiell opning fredag 8. juli. Den kvelden vert for innbedne gjester så første ordinere opningsdag vert på laurdagen den 9. juli.
Heile anlegget er vaska ut, møblar pakka ut og sett på plass, kjøkken, toalett er monterte og prøvekøyrde. Varmepumpe, ølpumper etc er oppe og går.
Me har prøvekøyrd heile anlegget med innbedne gjester. Alt fungerer så no er det opp til oss - me går spanande tider i møte.
Ta ein tur innom då vel :)

tirsdag 21. juni 2011

Nett no

Det har desverre vorte altfor sporadisk med oppdateringar her på bloggen. Mykje meir eigeninnsats enn me kunne tenkja oss må nok ta skulda for det.
Nett no er me komne så langt at det berre er detaljar att før me er operative. Sidan sist innlegg er golva komne på plass og tregolvet oppe er måla. Baren er oppe, skåp og slikt er på plass, fem tappekranar med øl står berre og ventar på gjester som likar godt øl betre enn pils. Kjøkkenet er klart, manglar berre tilkopling av gass, det skal skje i morgo.
Snikkarane er stort sett ferdige både ute og inne, røyrleggjaren har att litt monteringsarbeid og å få varmepumpa opp å gå. Elektrikaren, lydmannen og andre teknisk duppedittkarar driv på å få kompliserte løysingar inn i enkle former slik at me forstår dei og kan bruka dei :)
Ute er omsider all graving i tunet unnagjort og me driv og grusar og lagar det fint.
Til helga skal alle i prinsippet vera ferdige slik at me kan sleppa til med ein større vaskesjau og oppmontering av møblar og andre ting slik at alt skal vera klart til å ta imot gjester i byrjinga av juli.
Puuuh!
Ingen bilete no - kom og sjå!
Eller ring og ting, me har fått booking nr 95406135

torsdag 26. mai 2011

Nisser og Dverge, borer i bjerget..

Neidå, ikkje her, men boring og graving er det nok av. Det finnes vel knapt ein stein som ikkje er vend i tunet og rundt omkring no.
Flage Maskin har ein rigg ståande å hamra på oppsida av huset mitt. Luffen Maskin er her med ein minigravar og Skutle Betong har ikkje mindre enn tre gravemaskiner her - ingenting å sei på kapasiteten men det vert eit fæla rot :)
I dag kom både kjøkenet og trappa samstundes, eg trur dei hadde køyrt kolonne frå Osterøybrua.
I eit allereie overbelasta tun vart det sjølvsagt tendensar til kaos då begge skule lessa av samstundes men det ordna seg det og.
Så no har me trapp og kjøkken - manglar berre gass og litt meir montering så kan me slenga biffen i panno :)




onsdag 25. mai 2011

No hastar det :)

Me har så smått byrja å ta inn tingingar og har halvvegs bestemt ein opningsdato. Dette stressar sjølvsagt opp alle som driv på her no men eg tykkjer no likevel det er godt å ha litt press.
Vår Herre er ingen lagspelar for tida, han auser ned rikeleg med væta til fortviling både for Skutle som prøver å grava og ordna rundt huset, og for alle andre som må gå og vassa i gjørmo.
Inne er det eit yrande liv heile dagen, det er rimeleg mykje som skal monterast og fiksast og litt av eit puslespel med omsyn til kva som kan gjerast når og kven som må vera først og sist.
Så, etter arbeidstid for håndverkarane er det kveldsskiftet som kjem. Erlend og Svein har vore ivrige målarar og no er det meste måla. Det står att ein del fuging så ein må nok gå over att litt til men det ser ut som om me har kontroll på den biten.
Nede er golva flisa og fuga, glasa er sett i, oppe er tregolvet lagt, trappa kjem i morgon, det same gjer kjøkenet, møblar og kjøkenutstyr vonar me kjem til neste helg.
Under er det litt bilete frå ute og inne





tirsdag 10. mai 2011

Inne og ute

Fullt køyr både ute og inne for tida. Det byrjar sakte men sikkert å verta ferdig. For tida driv Skutle betong og legg skifer på golva, verkeleg fint vert det. Gjøstein driv og finpussar dei siste detaljane inne og skal snart kle og leggja tak på ventilasjonshuset. Vedaa røyrleggjar var innom i dag og skrudde opp litt røyrstussar og merkte opp for golvvarmen i andre høgda. Arnstein frå Horvei Elektro monterte spotlampar i taket, det vart veldig fint når dei lyste. Og ute er Skutle Betong i gang med å grovplanera hagen - og me? me driv og målar tak og vegger.
Under er litt bilete frå dagens dont.





mandag 2. mai 2011

Uteplassen

Det har vore litt stille her på bloggen ei stund no, bakgrunnen er nok at her på Store Ringheim er det langt frå stille. Det går så det susar dagen lang. Me satsar på å opna ein gong i slutten av juni så tida er knapp.
I dag var det endeleg klart for støyping av uteplassen. Den vart utplanert og forskala rett før vinteren kom i fjor haust, men me rakk ikkje å støypa.
No har han dukka opp att frå snøen og i dag tidleg kom betongbil og lang kranpumpe frå Voss Cement. Snedig reiskap det der, reknar med at trillebåre produsentane gremmer seg.
Det yrte med karar frå Skutle Betong og støypinga var unnagjort på ein augneblink.
No skal det turka ei stund så skal det leggjast skifer og dermed er uteplassen klar til "krymping" med ein liten uskuldig uteøl :)






lørdag 19. mars 2011

Oppdatering 19.03.2011

No skjer det mykje overalt. Snikkarane kan no plata alle vegger og tak etter at elektrikar og røyrleggar har stappa dei fulle med røyrer og leidningar.Då ser det straks litt ryddigare ut.
Deretter er det på tide å byrja med detaljar som takbjelkar, bar og anna plukk.
Kjøkkenet er også straks ferdig til gipsing og å leggja golv og veggplater.
Inne i storastovo held ein ivrig mann frå Skutle Betong på å leggja skifer på golvet. Litt i tidlegaste laget for oss men vinteren har utsett så mykje for dei at det vert eit skikkeleg rush når våren kjem og det kan gjerast utearbeid, me kunne rett og slett risikera at dei ikkje hadde tid når det passte oss.
I møkakjellaren er det fullt arbeid med å klargjera for støyping. Det er lagt inn vatn og kloakk, røyr frå borehola og laga slukar. No er det avretting og isolering før det vert lagt jern og støypt.
Bak i svolene, i dei mørkaste krokane, ligg det ein mann frå Simm Ventilasjon og strevar med å få på plass resten av kanalane.
Retteleg triveleg er det å gå i maurtuva og sjå korleis alle desse flinke folka skapar løa om til den draumen me har bore på!
Litt bilete og film høyrer med.


søndag 20. februar 2011

Inventar

For tida er me veldig opptekne av stolar, bord, porselen og slikt. Me skal ha  ein del av alt dette og det gjeld å finna det rette, både med omsyn til kvalitet og utsjånad.
No er det vel kanskje litt feil å sei me i denne samanhangen, eg er litt på "jordet" når det gjeld slike ting så dette også er Jorunn sitt domene.
Ho har sett igjennom utallige katalogar og det har vore ein del økter på internett så etterkvart har utvalet smalna inn til nokre få modellar men det er framleis vanskeleg. Prisen skal også passa budsjettet.
Det er utruleg mange småting og detaljar som skal på plass og tida fyk.. I forrige innlegg skreiv eg ein del om driftsopplegget framover og det er ambisiøst nok, det kan verta tøft for oss amatørar å få dette til å gli med ein gong men me satsar på å vera godt førereidde og at gjestene kanskje gjev oss litt slakk den første månaden.
Me vil i alle fall gjera alt for at det skal lukkast!

lørdag 19. februar 2011

Drifta i sommar

I oppslaget i Hordaland var det skrive ein del om korleis me skal driva det framover sommaren. Det kan kanskje vera nyttig å presisera litt. Sidan me no startar midt i ein sesong utan at me har kunna ta opp tingingar så må me prøva på andre måtar å fylla huset, for fyllast må det. Me ligg berre ein km frå sentrum av Voss så det er freistande å prøva å ha litt "opningstider" og driva litt pub og kafe. No er me sjølvsagt klar over at det er eit tøft beite men me reknar litt ubeskjedent med at mange vil koma innom for å sjå korleis det ser ut hjå oss. Det er forøvrig ein heil del folk som spaserer forbi her kvar kveld og i helgene, kanskje ein kopp kaffi med noko godt eller eit glas med Ægir på vegen??
Me har eit oppegåande kjøken der det skal lagast god mat av råvarer som ikkje har reist for langt, om me får det til så er dette eit tilbod som saknast på Voss. Det kan verta ein del av opplegget vidare framover om det er noko folk likar og nyttar seg av.
Me skal sjølsagt som alle andre satsa litt på kurs og små konferansar, det unike med oss er dei spesielle omgjevnadane i løo og at det er stille og roleg utan forstyrringar - me ligg på landet men berre 1km frå "bydn" på Vangen. Voss ligg berre ein god time frå Bergen og det er gode forbindelsar til Oslo.
Hovudsatsinga vert nok på ulike arrangement og store dagar. Brudlaup, åremålsdagar, dåp, konfirmasjon og slikt, løa passar heilt perfekt for slikt. Ho er romsleg, god uteplass, stemningsfull - kort sagt ei perfekt råme om ein stor dag. Men me har ikkje gløymt andre arrangement slik som intimkonsertar, utstillingar og alt mogeleg som kreative sjeler her i bygda kan tenkja seg å arrangera - og her er verkeleg mange kreative sjeler! Ingenting er for lite og det skal litt til før det vert for stort :)
So godtfolk, skal de arrangera noko frå juni og utover så er Store Ringheim eit godt alternativ!
De kan også følgja oss på Facebook Trykk "Lik dette" så får de automatisk oppdatering når me legg ut nyhende.


Hordaland 19.02 side ein -

Hordaland 19.02 -

fredag 18. februar 2011

Stoda nett no

Gipsing
Her kjem ein liten situasjonsrapport frå kva som går føre seg nett no. Og det er ikkje nett lite, det kryr av folk i løa - røyrleggjar, elektrikarar, lydfolk, snikkarar, målar og sikkert endå fleire, reine maurtua. Me tenkte at når me endeleg kom i gang så hadde me mykje å skriva om her i bloggen, og det stemmer men no har me knapt med tid til å skriva.
Men her er som sagt ei lita oppdatering.
Målaren i full sving
Snikkarane held på med tak og vegger nede, forar ut, legg panel som underlag og gipsar. Elektrikar og lydfolk kavar på med å få på plass heile spaghettien av røyr og leidningar før snikkaren gipsar, har klaffa bra så langt, har ikkje måtta rive nedatt noko heldigvis.
Røyrleggjaren kjempar på for å rekkja å leggja røyrene sine før snikkaren gipsar, går bra det og. Innimellom kjem ventilasjonsmannen med nye feite røyrer som skal stappast vekk i vegger og golv før den same snikkaren gipsar. Og når snikkaren er ferdig å gipsa kjem målaren og sparklar.
Lat da no vera sagt at me har ein snikkar med svært godt oversyn slik at alt glid forbausande bra.
Midt oppi dette står så Jorunn med hendene fulle med å styra og følgja oppsom byggeleiar, og det har også gjenge svært bra.
"Litt snø"
Konklusjonen så langt er at alt er under kontroll og går bra, det einaste me ikkje veit enno er ein ferdigdato men me satsar på å vera operative i byrjinga av juni.
Som de ser av det eine biletet er det den snørikaste og kaldaste vinteren i manns minne, me har vore oppi over meteren med snø på flat mark, svært mykje etter kva me har vore vane med. Det vert svære snøhaugar når ein må brøyta godt ut i tunet slik at alle bilane får plass. Ein annan ting er at uteområdet og kloakkgrøfta måtte utsetjast til klaken går til våren så det kjem til å verta ei hektisk tid før alt er klart til opning.
Her skal vindaugo koma

I går hadde me avisa Hordaland på vitjing, dei laga ein reportasje som kjem på trykk på laurdag. Det vert spanande å sjå kva dei har fått til. Det er uansett bra med litt merksemd no slik at folk vert klar over at tilbodet vårt kjem og at dei no kan til å tinga seg plass.
Stappa veggane fulle av røyr






Litt av bilane i tunet
Røyrleggjaren i sving

mandag 7. februar 2011

Ventilasjon

Me er pålagde å ha eitt ventilasjonsanlegg som tilfredstiller arbeidstilsynet sine krav. I utgangspunktet eit krav me såg på med ulyst og unødvendig, stygt tenkte me det kom til å verta og. Me har etterkvart kome til at anlegget nok er nødvendig, det er ikkje noko kjekt å sitja i klamme og sveitte rom. Me har vore så heldige at me har snubla over eit veldig oppegåande firma innan ventialsjonsteknikk, SIMM, som til og med har ein nøkkelmann busett på Voss. Dei har prosjektert og planlagt framføringane så det skal visa minst mogeleg. At kanalane er i vegen er sjølvsagt ikkje til å koma forbi, luft tek utruleg mykje plass når ho skal transporterast utan ulydar, så det har vore pønska mykje på korleis det skal gjerast. Me ser og at det må endrast ein del undervegs men alt i alt trur eg dette vert bra.
Det er sjølvsagt varmeattvinning og andre state of art duppedittar og heile greia kan styrast sentralt frå baren.
På bileta ser de litt av det de ikkje vil sjå når det er ferdig :)


søndag 6. februar 2011

Betane

Ein bete er ein bjelke som går tvers over konstruksjonen øverst i tømmerkassa for å halda i mot presset frå taksperrene.
I høybrotet var dei fjerna for lenge sidan, dei var sikkert i vegen då siloen vart sett inn på 70 talet, i konnbrotet var det ein att. Når me la golv kom denne berre 1,6m over golvet så han kunne sjølvagt ikkje vera der han var, men sidan han var ein del av konstruksjonene var det ikkje berre å saga han vekk heller.
Løysinga vart å flytta han opp i taket som ein hanabjelke der han tente same funksjonen som før.
Den same løysinga vart vald i høybrotet sjølv om takhøgda var høgare der.
På sjølve laoen, seksjonen midt imellom brota, valde me å behalda betane slik dei var.
Resultatet vart bra, absolutt til å leva med.
Det var eit liknande problem med inngangen til konnbrotet. Konnbrotet har golv ein god halvmeter høgare enn resten av andre høgda. Det skal vera trapp der og dør inn slik at det vert eit koseleg tømmerrom til mindre samlingar eller møte.
Problemet var at tverrstokken over opninga, den som held kassa i hop, vart for låg. Mykje potensiell hovudverk for folk av normalhøgd :) , så noko måtte gjerast.
Løysinga vart her og å flytta han opp eit omfar og festa han i sperra og øverste omfaret. Slik fekk me ei høgd på 2m og ti, høgt nok for dei fleste.
Me prøver å ta vare på den gamle konstruksjonen så godt me kan, alle endringar vert dokumenterte med før og etter. Løer av denne typen er etterkvart vortne heller sjeldne, dei fleste er rivne eller har sige i hop så me føler det er viktig å ta vare på vår for ettertida.
Heile løa vert no synleg inne i bygget slik at gjestene våre kan beundra den vel uttenkte konstruksjonen.



lørdag 29. januar 2011

Straum

Straum er kjekt å ha. Fram til byrjinga av januar brukte me av vårt private abonnement, det viste seg å verta litt dyrt no når januarrekninga kom :(.
Då me kom i gang for alvor i byrjinga av januar var det sjølvsagt av høg prioritet å få lagt inn byggjestraum. Elektrikaren tok saka og i samarbeid med Voss Energi og Skutle Betong som måtte pigga opp ei grøft over gardsvegen, vart straumen henta frå stolpen og lagt inn i huset.
Straumen skal inn i eit hovudskap i kjellaren i den gamle landkummen. Eg rakk ikkje å vaska den før kulden sette inn i haust så det var ein litt guffen jobb å dra inn kabelen i landkummen, men det var ingen sure miner for det, berre forsiktige antydingar om at kjeringane kanskje ikkje vart heilt fornøgde til kvelden når dei kom heim...
So når straumen vel var komen inn var det dags for elektrikarane å byrja å leggja opp røyrer rundt i veggene. Snikkarane var ferdige med isolering og skulle til å henga opp gipsplater.

Mykje styr med å leggja opp røyrene slik at installasjonane vart mest mogeleg gøymde, det er viktig for oss å ta vare på den gamle konstruksjonen så godt det er mogeleg sidan den er sjela i bygningen. Dette har Horvei Elektro forstått og har gjort ein god jobb med å planleggja og utføra installasjonane så langt.



Desse byggjer løo

På venstre sida i bloggen har me no laga til ei linkliste til dei som byggjer løo vår. Me har prøvd å finna dei som me har fått mest positive referansar på og gjort avtale med dei, me har ikkje hatt nokon priskonkurransar. Bakgrunnen er at bygging av eit slikt prosjekt er ei likning med litt for mange ukjende slik at det ville sannsynlegvis ha vorte høge anbodsprisar om dei ulike verksemdene skulle teke omsyn til alt som er ukjend.
So langt har dette fungert fint og me ligg i rute, me kan absolutt tilrå tenestene til desse verksemdene.

onsdag 5. januar 2011

Store Ringheim på Facebook

Me har også laga ein profil for verksemda på Facebook, der legg me ut mindre daglege oppdateringar, litt bilete osv.
De finn oss her, Trykk lik dette så kan de følgja med der og.

Saging og graving

Det er sågodt som ferdig isolert oppe på låven, no er snikkaren i gang med å stussa litt av kantane på tømmerveggene. Desse er berre grovkappa opprinneleg og aldri meint å vera inne i eit selkapslokale så litt finstussing må til.
Det er også laga til opningar inn høybrotet og kornbrotet. Mellom låven og høybrotet ligg golvet i same nivået så her vil det verta to samanhengande rom og god plass. I kornbrotet ligg golvet eit nivå høgare opp så her vil me setja inn ei dør og laga ei koseleg tømmerstove til litt meir intime mindre lag. Her har me sjansen til å slå oss laus med litt nostalgisk innreiding og, det kjem til å verta ein koseleg plass.
Snikkaren er i full gang med å laga beitskier av gamle stokkar som skal monterast i endastokkane i inngangane til brota.
Ute kjempa rme med å få inn straumen. Me må ha ein jordkabel bort til kabelen frå trafoen. Sidan me no ikkje kom igang før det vart både vinter og tele vert den lagt oppå jorda fram til telen har gått til våren men over vegen inn til løa må me grava han ned. På denne tida betyr det piggaggregat og ein enkel gravejobb tek brått nesten ein halv dag.

søndag 2. januar 2011

Full guff!!!

Jepp, igangsetjingsløyvet kom den 21.12. og sidan har me bygd på harde livet. Me er omlag ferdig med grov isoleringa, taket er nedlekta og plasta klart til plating og snikkaren held på og reinskjær opningane inn til romma oppe på låven. Dei skal avsluttast med beiteskier så det både vert meir solid og fint. Ellers skal me prøva å røra minst mogeleg av den gamle konstruksjonen. Dette er ei heilt spesiell løe og me vil gjera vårt til å ta vare på det unike ved ho. Det gjer nok bygginga både dyrare og meir tungvinn men det vert nok verdt det.

I morgon kjem så vonaleg elektrikaren vår og byrjar å strekkja trekkjerøyr, dette hastar litt så han ikkje seinkar snikkaren.
Ventilasjonsmannen er også såvidt byrja, om ikkje lengje kan han ta seg ein tur att og.
Eg tok ein slik 360 graders film i dag som eg har lagt ved her. Mykje rot men de kan nok få eit inntrykk av kor fint det vert til slutt.