tirsdag 28. februar 2012

Meny veke 9

So er me komne til veke 9 og ny meny er på trappene. Mykje godt her, me kan nevna ein ny vri av bestseljaren vår lambafilet som ser veldig god ut. All lambafileteten vår er av norsk lam.
Me har ein ny spanande dessert som passar best for vaksne - gode sjokoladetrøflar som er spesiallaga til å passa til Lynchburg Natt Porter frå Ægir. Dei vert sjølvsagt servert med eit glas 4cl Lynchburg natt. Må berre smakast!
Vel, her er menyen:

Meny veke 9

forrettar:


Steikt kylling-avocado salat, servert med balsamico-sennep saus. Kr 100,-

Okse carpaccio servert med ansjos-oliven saus ruccola salat. Kr 110,-

Krema fiskesuppe, servert med butterdeig pai. Kr 90,-


Hovedretter:

Kyllingfilet rullar med asparges, servert med steikte poteter Kr 265,-

og karrisaus.

Ovnsbakt lambafilet servert "couscus",raudvinsaus, grøne Kr 310,-

asparges-bacon rullar.

Pasta "Penne" med laks i kvitvinsaus. Kr 190,-

Desserter:

Sjokoladetrøflar laga med chili og øl smak, servert med Kr 120,-

4cl Lynchburg porter øl

Ostetallerk (3 typer ost, frukt, kjeks) Kr 100,-

Iskrem frå Alm Gard Kr 90,-

mandag 27. februar 2012

Skotårsdagen, dagen damene kan fri :)

Etter ein førespurnad frå eit par som ville feira skotårsdagen på onsdag har me kome fram til at me vil ha ope denne kvelden og feira kalenderen sin sjeldnaste dag.
Det spesielle med denne dagen er at det er då damene kan fri til sine kjære, noko som vanlegvis er ein mannsjobb.
Me tilbyr gratis kveld med både mat og drikke til den dama som går ned på kne og frir til sin kjære i restauranten vår den kvelden. Eg skulle tru at denne marknaden er stor - det er mange sambuarpar der ute der mannen har akutt giftofobi :)
Tradisjonen seier og at dersom mannen seier nei må han gje damo 12 par hanskar ( og det er ikkje snakk om strikkavetter)
Så damer - lur med dykk sambuaren på Store Ringheim på onsdag og gå på kne!
Karar - pass dekan :)

På dan hi sio sett så er det vel knapt noko meir romantisk enn eit frieri på ein romantisk restaurant i ljoset av levande ljos - og eit ja kan føra til brudlaup på same staden, og brura kan fletta inn i talen sin ei anekdote om frieriet og visa til staden.

torsdag 23. februar 2012

Meny veke 8

Her er det mykje spanande så eg har tenkt å eta meg gjennom heile menyen sjølv. Andre som synest det er spanande eller berre vil ha ein triveleg kveld ute på ein god restaurant med særdeles koseleg atmosfære er sjølvsagt hjarteleg velkomne :)


Meny veke 8


forrettar:

1.    
Innbakte torsketunger, servert på toast med salat mix.                    Kr 100,-                    

2.   
Serrano rullettar med honning melon, servert med salat                   Kr 100,-

mix og balsamiko saus.

3.   
Krema grønsaksuppe.                                                                                 Kr 90,-




Hovedretter:

1.    
Ovnsbakt Salmalaks med pesto, servert med grøne linser                  Kr 250,-

og steikte grønsaker.

2.   
Ovnsbakte baconrullar med lambafilet, servert med                          Kr 310,-

søtpotetpure, raudvinsaus og grønsaker.

3.   
Heimalaga ravioli med "Ricotta ost" og spinat.                                     Kr 190,-




desserter:

1.    
Varm sjokoladekaka med vaniljeis, kvit sjokolade,                               Kr 100,-

"Baileys" saus og friske bær.

2.   
Ostatallerken (3 typer ost, frukt, kjeks)                                                          Kr 100,-

3.   
Iskrem frå Alm Gard                                                                                Kr 90,-

tirsdag 14. februar 2012

Ny meny

Då er menyen for veke 7 klar, sjå under.
Me har no hatt ope ein månad etter jol med litt varierande gjestetal. Spådomen om at Vossingane ikkje går ut har slege til, i tillegg har me erfart at korkje morsdag eller Valentin dagen er dei heilt store eta ute dagane heller.
Men pytt, pytt, me tek oss veldig godt av dei som kjem og fortset som før med ope frå fredag til søndag og ellers i veka på førespurnad.


Meny veke 7 


Forrettar:


1.    
rekecocktail.                                                                                                          Kr 100,-

2.   
Kamskjell stekt i kvitløk smør, servert på toast brød med                 Kr 110,-

kaviar og blanda salat. 

3.    Krema ertesuppe.                                                                                       Kr 90


Hovudretter: 

4.   
Dampa hvit fisk i rullar med Nori blad, servert med gulrøter                       Kr 275,-

og fennikel puree og kvitvin saus

5.   
Ovnsbakt lambafilet, servert med bakte poteter, ratatouille                       Kr 310,-

og mynte saus.

6.   
Pasta Penne med sjømat saus.                                                                 Kr 190,-

Desserter:
 

1.    
Rik Nøttekaka, servert med bringebærsorbet og bær.                                  Kr 95,-

2.   
Ostetallerken (3 slags ost, frukt, kjeks)                                                           Kr 100,-

3.   
Iskrem frå Alm Gard                                                                                Kr 90,-

fredag 10. februar 2012

Valentindagen og morsdag

Me har bestemt oss å gjera litt stas på mødrene på sundag, alle mødre som kjem i saman med familien betalar halv pris på maten - og me tek oppvasken. Dermed skulle alle argument imot å ta med mor og eta god mat på sundag vera daude og makteslause :)
Menyen står i innlegget under dette - mykje godt å velja mellom som de ser.

Valentin dagen er også ei feiring verdt. Det er noko besnærande med dette konseptet med å senda hemmelege Valentin kort til sin hjartans kjær og vona på det besta.
Me vil ha ope denne dagen sjølv om det no er ein vanleg tysdag. Me har laga ein retteleg romantisk middagsmeny som de ser nedanføre.
Det vil eg gjerne sei til alle som vil gleda sin/ si kjære, eit kort eller litt merksemd på Valentin dagen vil gleda den utkåra i lang tid framover.
Me ser sjølvsagt helst at de finn på å ta ein romantisk kveld her hjå oss, men om ikkje det klaffar så gjer noko likevel og hjelp til å laga ei betre verd :)

Valentin meny

Forrett:
·         Pannesteikte chilimarinerte tigerreker, server med                 Kr 100,-       

mango – gulrot salat. 

Hovudrett:

1.    Ovnsbakt torsk med pesto, server med smørbakt grøn asparges,    Kr 275,-

søt potet puree, og heimelaga hollandaise saus.

2.    Lambafilet med hasselback poteter, steikte grønsaker og     Kr 310,-

myntesaus. 

Dessert:

3.    Heimalaga sjokolade trøflar                                             Kr 95,-

Ekta Vossamat

I menyen for denne veka har me ekta Vossamat med innslag frå Granvin på menyen. Darius ville gjerne læra seg ein typisk lokal rett så eg tenkte at den maten som var mest vanleg her på garden når eg vaks opp kunne passa. Og retten er Røykjekjøt og korv med grynasupan.
Me har rikeleg med røykjekjøt etter pinnakjøtproduksjonen og me har god korv frå Skåramat i Granvin (men på grenso til Voss, he, he). Me kokar kjøtet i lag med erter, lauk og gryn i minst tre timar så legg me oppi korven så han får trekkja i minst ein halvtime før retten er ferdig. Me tek ein liten vri på potene og lagar ei god stappa med fennikel og så har me sjølvsagt nepestappa til - mmmmmå berre smakast :)

Her er menyen:

Meny veke 6
Forrettar:
1.      

Rakaure, servert på flatbrød med hakka løk, blanda salat og aure kaviar.

2.      
Frisk grøn salat med steikt krydra mozzarella ost, basilikum dressing.

3.      
Leiren laks med asparges, servert med hollandaise saus og raud kaviar.

Hovudrettar:
1.      
Dampa kvitfisk, servert i kraft med grønsaker, spaghetti nudler og sitron gras.

2.      
Røykjekjøt frå Store Ringheim, Skårakorv, servert med fenikkel potestappa og kålrotpuree i kraft med gule erter og gryn.

Dessertar:
1.      
Alaska dessert, servert med frukt og bringebær saus.

2.      
Ostatallerken (3 slags ost, frukt, kjeks)

3.      
Is frå Alm Gard

søndag 5. februar 2012

Opninga 2012

Ikkje alt for mange gjester let seg freista av ein fin kveld med god mat, men dei som kom let vel og hadde det hyggeleg.
Me byrja med champagne til aperitif og eit bugnande bord med småmat og frukt.

Det var litt tapasrettar, ostefat, stort fruktfat og eit par rettar frå Korea som svigerdottera vår laga til.

Dette vart runda av med ein demonstrasjon av ein Bhuddistisk te seremoni. Ein slik seremoni er mellom dei tinga Svein Ivar kan tilby her til grupper som vil ha litt sjelero og meditasjon.

Som dei fleste veit så er det ikkje noko slikt som ein fri lunsj så gjestene måtte finna seg i at eg fortalde litt om kva tilbod me vil ha utover året.
Kortversjonen lyder slik:
  • Open restaurant for A la Carte servering fredag til søndag
  • Ofte skifting av meny
  • Temakveldar (Morsdag, Valentine, Fastelaven, Rakfisk, Skrei, Smalahove osb)
  • Konsertar, Voss Jazzskule, pubkveldar, visekveldar og om andre vil nytta lokala våre til konsertar.
  • Kurs, konferansar, møte - ta kontakt så lagar me råmene rundt etter dykkar behov
  • Matfilosofi - All mat laga frå grunnen av mest mogeleg lokale råvarer, god smak i høgsetet, kreativt kjøkken - mat hjå oss skal vera vanskeleg å finna andre stader.
  • Brudlaup, dåp, gravferd, høgtidsdag osb - ta kontakt med oss så lagar me råmene rundt dykkar dag etter dykkar behov.
  • Venegrupper, firmasamlingar, uformelle lag- ta kontakt så lagar me råmene rundt etter dykkar behov
  • Galleridrifta vil halda fram med nye kunstnarar i utstillinga.
Etter denne vesle presentasjonen heldt Olav Undeland ein fin konsert med blues musikk frå 20-30 talet ispedd historiar om artistane og innhaldet i songane.

Programmet var ferdig ca 21.00 men me vart sitjande og prata og kosa oss i nokre timar til.

Ein hyggeleg kveld!