torsdag 24. mai 2012

Buddha sin fødselsdag

Buddha sin fødselsdag!
Buddha sin fødselsdag kjem i år på andre pinsedag, ein heilagdag i kristendomen, men me vil feira han likevel.
Buddha sin fødselsdag var ein av dei store merkedagane i tempelet Gul Gulsa der Svein Ivar heldt til i 6 år, no vil han vidareføra denne fine tradisjonen  i sitt nye liv her i Noreg. Det vert sjølvsagt ikkje same festivitasen her som i tempelet men alle dei viktigaste ritane er med.
Vil de oppleva litt ekte Buddhisme så kan de ta turen oppom og vera med på bøna og fødselsdagsritualet, dette er gratis men det er høve å gje ein skjerv til utbreiinga av den Buddhistiske læra her på Voss.
Me vil også laga til Koreansk mat, og det skal vera ein te seremoni, desse kostar litt men er absolutt innan rimelegheita sine grenser (sjå lysing)
Ta turen oppom og ta del i ei lære som aldri har starta ein krig!

Buddha sin fødselsdag!


Me feirer Buddha sin fødselsdag på mandag 28.05

1600 ankomst

1630 Zen talk

1710 middag, Koreansk mat, kr 350,-

1820 meditasjon bön

1900 buddha sin fødselsdag rituale, offer til utbreiing av Buddhismen

1930 te seremoni, kr 150,-

Hjarteleg velkomne til Buddhistar og andre



tirsdag 15. mai 2012

17 mai meny og meny veke 20

Då har me omsider menyen klar for 17. mai og resten av veka.
Me har som sagt vald å ikkje ha buffet men ein god a la carte meny. Mykje god mat her så ta gjerne  turen oppom for ei fin avslutting på den store dagen.

Meny veke 20

Forrettar

Tomat og Mozzarella salat med Store Ringheim spekekjøt og pesto.

Kr 100,-

Nordafrikansk lambasuppe med heimelaga brød.

Kr 90,-

*

Hovudrettar

Langsteikt lambafilet med krydderpoteter og raudvinssaus.

Kr 310,-

Steikt kvitfisk med pesto og grøne linser i kvitvinssaus.

Kr 275,-

*

Dessertar

Heimalaga creme brulee

Kr 95,-

Ostatallerken med 3 typar ost, frukt og kjeks.

Kr 110,-

Is frå Alm Gard

Kr 90,-

fredag 11. mai 2012

17. mai

Me har omsider bestemt oss for å ha ope på 17. mai i år. Me ligg eitt stykke utanføre sentrum der feiringa av dagen går føre seg på dagtid så me opnar ikkje før på ettermiddagen, kl 16.00 for å vera korrekt.

Me ser at dei fleste konkurrentane satsar på spekemat og buffet, difor satsar me litt annleis og har a la carte meny med kanskje litt nasjonale innslag - me får sjå, menyen vert publisert litt seinare i veka, den er ikkje ferdig enno.

Har det vore ein hard dag i sentrum med tradisjonell blest og regn eller ein varm dag i bunaden så vil det uansett vera godt å ta seg ein tur til oss om kvelden, eta eit godt måltid med litt god vin eller godt øl og lata oss pusla om dekan.

Ring 95406135 og ting ei perfekt avslutting på dagen.

Hipp hipp :)

torsdag 10. mai 2012

Meny veke 19

Då er menyen klar for denne veka og såvidt eg ser så er det absolutt verdt ein tur opp hit for ein triveleg kveld med god mat.
Me har ope frå kl 17.00 til kl 22.00 fredag og laurdag på kjøkenet og så lenge det er folk i puben eller til maks 02.30. Søndagen opnar me kl 15.00 og har ope til kl 20.00 med matservering og litt lenger i puben.
Ta turen då vel :)

Meny veke 19

Forrettar

Kylling og aspargessuppe med kokosmjølk

Kr 95,-

Grønsaksalat med steikt geitost og dressing

Kr 95,-


Hovudrettar

Langsteikt fårefilet, bakt potet med kvitlauksmør, raudvinssaus og grønsaker

Kr 310,-

Dampa kvitfisk med grønsaker og grøne linser servert med sjømatsaus

Kr 285,-


Dessertar

Heimalaga Tiramisu

Kr 110,-

Ostatallerken med tre typar ost, kjeks og frukt

Kr 110,-

Is frå Alm Gard

Kr 90