lørdag 31. mars 2012

Påskemeny og program

No i Påsken vert det litt endringar. For det første har me ope i to dagar ekstra ved at me opnar allereie onsdag og for det andre har me Pinnakjøtkvelden på Skjærtorsdag. Den kvelden ser ut til å verta ein veldig kjekk kveld der me har fått ein del respons men det er framleis plass til fleire - rimelegare pinnakjøt middag basert på skikkeleg heimarøykt pinnakjøt skal det leitast lenge etter, berre 200,- pr pers for mat og underhalding!
Resten av Påsken har me a la carte i restauranten, det er ope for matservering frå 17.00 til 22.00 medan puben er open så lenge det er folk eller fram til 02.30. Der har me også den sikraste Påskesola uansett langtidsvarsel - nemlig Påskesol frå Ægir :)

Her er menyen:

Påskemeny


Forrettar:

Påskekjukling med vaktelegg og steikte poteter og salat.

Kr 110,-

Nordafrikansk lambasuppe med kikerter og mynte.

Kr 95,-

Steikt Scampi med kvitlauksmør, servert med toast, chili majones og salat.

Kr 100,-


Hovudrettar

Langsteikt lambafilet server med polenta, asparges og bacon rullettar og skogsoppsaus.

Kr 310,-

Kvitvinsdampa Salmalaks server med grønsaker og grøne linser.

Kr 285,-

Dessertar

Steikt Camembert servert med bringebærsaus og bærsorbet.

Kr 110,-

Ostetallerken med tre typar ost, frukt og kjeks.

Kr 100,-

Is frå Alm Gard

Kr 90,-


tirsdag 27. mars 2012

Pinnakjøtkvelden program

Då er programmet for pinnakjøtkvelden klart;

  • 18.30 og utover ankomst
  • 19.30 servering av pinnakjøtmiddag
  • 20.30 kaffi
  • 21.00 kulturelt innslag med Jon Aske som syng vossasongar og fortel sannsoger
  • 21.30 musikk via musikkanlegget vårt og kanskje dans?

Hjarteleg velkomne til ein hyggeleg start på Påsken og ein offisiell avslutning på vetturen.

søndag 25. mars 2012

Vossajazz meny

Komande helg er det jazzen som står i fokus her på Voss.
Tre heile dagar vil det aula med jazzelskarar og andre musikkelskarar her i bygda og me vonar at nokre av dei vil setja pris på eit godt måltid i fred og ro før opplevingane om kvelden og utover natta.
Me har komponert ein meny som skulle passa dei fleste, besta ølutvalet på Voss eit nøye utvald vintilbod som passar rettane skulle sikra ei god oppleving.
I tillegg vil me gje eit ekstra godt tilbod til trufaste medarbeidarar på Jazzen og trufaste publikummarar med festivalpass - 10% rabatt mot å visa fram teikn på at dei er ein av delene.
Legg inn ein pustepause i festivalkavet og stikk oppom då vel :)


Meny veke 13

 Forrettar

Krema traktkantarellsuppe
Kr 90,-

Serrano skinke med melon og Undredals kvitost

Kr 100,-

Hovudrettar

Lambafilet med Hasselbackpoteter, grønsaker og traktkantarellsky.

Kr 310,-

Salmalaks med purrefondant, soyasky og blomkålpurée.

Kr 285,-

  

Dessertar

Sjokoladetrøflar med bær i følgje med Lynchburg Cask Porter
Kr 110,-

 Ekte heimalaga créme Brulée med bær og is frå Alm Gard.
Kr 105,-


onsdag 21. mars 2012

Pinnakjøt - sesongavslutting!

Jola varar heilt til påske heiter det i ein kjend jolasong, og i eitt høve stemmer det faktisk. I vår familie har me alltid hatt som tradisjon at resten av pinnakjøtet frå jola vert ete opp i påsken og slik vil me ha da i restauranten og. Difor har me sesongslutt for fjorårets pinnakjøt på Skjærtorsdag.
Me har vel att kjøt til vel 40 personar så me kan trygt sei det er avgrensa med plassar så det gjeld å vera tidleg ute :)
Tilbodet er:

Pinnakjøtmiddag med Skårakorv,
Nepestappa, poteter
og kaffi etterpå
Kr 200,-

Me har sjølvsagt matchande drikka nett so før jol så dette kan verta ein bra kveld og ein fin start på påsken.
Alt pinnakjøtet vårt er sjølvsagt salta og røykt på garden her og laga av Vestlandslam frå Nortura.

Skal de heim til Voss i påsken eller kanskje de høyrer til dei som aldri reiste ut - uansett - ring 95406135 og ting og få ein god start på påsken :)

fredag 16. mars 2012

Damekvelden

Damekvelden gjekk veldig bra. Ein god gjeng med engasjerte damer fekk god instruksjon i korleis dei kan kle seg smart av Liv Jorunn Solstad. Sveisen Frisør hadde klar eit par modellar og demonstrerte på dei ulik styling og kom med mange gode råd om hårstell. Og til sist men ikkje minst - Harmoni hadde eir rad gode råd og tips om behandlingar for allslags hud og hudvanskar.
Me stilte opp med god, sprudlande sider frå Ulvik til aperitif og tapas.
Alle gjekk med ein stor smil om munnen og ser de nokre ekstra fjonge damer på Vangen i næraste framtid - ja, så er sjansen stor for at dei har vore på damekveld hjå oss :)
Me vil arrangera ein ny etter sommaren ein gong så då gjeld det å vera om seg damer :)

Ølkvelden utsett

Desverre vart det altfor lite påmelding til at ølkvelden kunne gjennomførast så den er utsett til over påske.
Me vonar at folk har litt betre tid då og prøver til att:)

torsdag 15. mars 2012

Meny veke 11

Her er menyen denne helga.
God og spanande mat:)



Meny veke 11

Forrettar:

Oksecarpaccio med ansjos olje og salatmiks med soltørka tomater.

Kr 100,-

Cheddar – ølsuppe med krutongar, kvitlauksbrød og bacon.

Kr 90,-



Hovudrettar:

Langsteikt lambafilet med fennikel potetstappa, rosenkål, gulrøter og skogssoppsaus.

Kr 310,-

Ovnsbakt Salmalaks filet med linser, grønsaksalat og pesto.

Kr 285,-

Pasta “Penne “ med kjuklin og grønsaksaus, servert med Grana Padano ost.

Kr 190

Dessertar:

Panna Cotta med ferskenlok og bringebærkuli.

Kr 95,-

Ostatallerken med tre typar ost, frukt og kjeks.

Kr 110,-

Is frå Alm Gard

Kr 95,-

40 Arkitektar på tur

I går hadde me ei hyggeleg vitjing av 40 arkitektar som var på tur med Fylkesmannen si landbruksavdeling. Veldig hyggeleg og engasjert gjeng.
Me viste dei rundt i løo og fortalde om bygget og byggtypen, deretter sessa dei seg og vart servert skikkeleg god grynasupan etter garden si oppskrift.
Dei hadde desverre berre ein time til rådvelde så det vart ei kort vitjing, me vonar dei tek turen attende med betre tid ein annan gong.

søndag 11. mars 2012

Damekveld

Torsdag skal me ha damekveld her oppe på haugen. Me er så heldige at me har fått Liv Jorunn Solstad, Sveisen Frisør og Harmoni Hudpleie med på eit samarbeidsprosjekt. Kvelden går etter same leist som den som det var ein reportasje om i BT Magasinet på laurdag - rett og slett ein kveld de ikkje kan gå glipp av.
Liv Jorunn held eit godt foredrag om korleis ein kan utnytta dei fordelane ein har for å presentera seg betre. Sveisen og Harmoni tek så føre seg hud og hår, dei har også tilbod på gode produkt og gratis vareprøvar.
Vår del av spleisen er eit utval med god fingermat og gode omgjevnader utan forstyrringar.
Så grip sjansen damer - ta med ei veninne eller fleire og meld dykk på på tl 95406135.

Me inviterer deg til jentekveld!

Velkommen til ei kveldstund i lag med mange hyggelege damer. Her vil du få tips og inspirasjon til å fornya deg i både stil og fargar.  Så set av kvelden, ta med ei venninne og ta turen opp på Store Ringheim

Torsdag 15.mars kl. 19.00

Føredrag av Liv Jorunn Solstad

Demonstrasjon frå Alvhild Bidne, Sveis’n Frisør og

June Nordanger, Harmoni Hudpleie



Velkomstdrink, goodiebag og litt å bita i, her er noko for alle!

Inngangsbillett  350,- påmelding til: 95406135

Gode tilbod på styling produkter frå Redken, stylingjern frå GHD
Liv Jorunn Solstad er dagleg leiar for Din stil i Bergen. Ho held kurs der ho lærer menneske å bruke klede, kroppsspråk og stemme for å vise kven dei er. Målet er å byggja opp sjølvtillit og å få deltakarane til å føla seg som stjerner i dagleg – og arbeidslivet. Liv Jorunn har utdanning innan form, farge, juss og arbeids- og organisasjonspsykologi. Ho har hatt kurs for tilsette i TV2, BI, Universitetet i Bergen og ei rekkje andre bedrifter.

 og sminke frå Bare Minerals. Kun kontant betaling.

lørdag 3. mars 2012

Ægir ølsmaking med spanande meny :)

Den 17.03. skal me ha ein kveld i Ægir sitt teikn. Vegard frå Ægir kjem og held eit foredrag om øl generelt og Ægir spesielt. Deretter vert det høve til å smaka på produkta deira - både gamle travarar og nye og meir ukjende produkt. Fokuset vert på øl og mat - det er no så mykje godt og forskjellig øl på marknaden som kan passa til det meste av matrettar. Ølsmaken kompletterer smaken til maten og gjev ei endå betre oppleving. Mykje på same måten som vin men likevel annleis.
Me får hint om kva øl som passar til ulike middagsrettar og til dessertar.

Dette vert ein kveld alle som er interessert i øl og alle som er interessert i mat må få med seg!

Etterpå diskar kjøkkenet opp med ein meny som er spesialtilpassa til kveldens tema, nemleg ein ølmeny der alle rettane har øl som ein av ingrediensane!
Noko liknande skal de leita lenge etter :)

Berre ølsmakinga og foredraget kjem på kr 200,- pp, men kvifor stoppa der - helaften med tre rettars middag og foredrag med smaking kostar ikkje meir enn kr 620,- pp

Ingenting å drøya etter  - ring 95406135 og ting!


Ølkveld meny

 Forrettar:

1.    Rakefisk ,servertpå flatbrød med hakka sjalottlauk,

salatmiks og laksekaviar.

Kr 100,-


2.    Cheddarost ølsuppe med bacon
Kr 90,-

 Hovudrettar:

3.    Ølbresert kje og korv kokt I øl, server med potet og fennikel

stappa, rosenkål og gulrot. Traktkantarellsky.

 Kr 295,-


4.    Steikt Salmalaks innbakt i øldeig, server med ostesaus,

salatmiks og laksekaviar.

 Kr 275,-


Dessert:

5.    Heimelaga sjokoladetrøflar med ølsmak server med

Lynchburg Imp. Porter frå Ægir.

 Kr 110,-