torsdag 19. april 2012

Meny veke 16

Me har ny meny!
Mykje godt her om de tek turen oppom. Me har ope fredag - søndag 17.00 - 22.00 (15.00 - 20.00) puben så lenge det er folk inntil 02.30 :)

Meny veke 16

 Forrettar:

Oksecarpaccio med ruccola, Parmesan ost og ansjosolje.

Kr 110,-

Sjømatcocktail, kamskjel, scampi og reker i salatmix.

Kr 110,-

 Hovudrettar:

Langsteikt hjortafilet, potet/fennikel purée, grønsaker og skogssoppsaus.

Kr 330,-

Steikt laks med pesto, potetpai, grønsaker og sjømatsaus.

Kr 280,-

 Dessertar:

Sjokoladefondant.

Kr 90,-

Ostatallerken med tre typar ost, frukt og kjeks.

Kr 100,-

Is frå Alm gard.

Kr 90,-

onsdag 11. april 2012

Meny veke 15

Her er menyen denne veka, som de sikkert legg merke til så har me ikkje lambafilet på menyen denne veka. Det er byrja å minka litt på det så me satsa på godt oksekjøt frå Selheim i staden for.
På laurdag har me fullt hus så då er det ikkje ope for  a la carte men på fredag og søndag er det ope som vanleg.
Her er menyen:

Meny veke 15

 Forrettar:

Melon og Serrano rullettar med salat og balsamiko saus.
                                                                           Kr 100,-

Steikt kvit Undredalsost med grønsaksalat.
                                                                           Kr 110,-

Hovudrettar:

Roasbeef av indrefilet frå Selheim med pommes duchess og skogssoppsaus.
                                                                            Kr 310,-

Dampa torsk med grønsaker og ris.
                                                                            Kr 280,-

Dessertar:

Mascarpone dessert med mango.
                                                                                   Kr 100,-

Ostatallerken med tre typar ost, frukt og kjeks.
                                                                                    Kr 100,-

Is frå Alm gard.
                                                                                    Kr 90,-

søndag 8. april 2012

18.04 "Det sorte gullet"

Det sorte gullet er i dette tilfellet ikkje olja frå Nordsjøen men vår eigen indre bagasje av frustrasjonar, nevrosar, angst og anna som me helst ikkje snakkar om.
Den 18.04 kjem Arild Brakstad her og han vil snakka om dette til gangs, snakka om korleis hans indre demonar og nevrosar vart snudde til ei positiv skapande kraft. I ein monolog som kallar på både gapskratt og tårer vil han visa oss kor gale det kan vera og kva godt som kan koma ut av det.

Framsyninga varar frå kl 19.00-22.00 og kostar kr 150,- pr pers.
Påmelding på 95406135 eller stikk innom, billettsal i døra.

Gå ikkje glipp av denne kvelden! Få ein føresmak i linken nedanføre :)

"Det sorte gullet"