fredag 30. november 2012

Meny veke 49

Her er menyen for veke 49


Store Ringheim Meny veke 49

 Forrettar

Rekecocktail
Kr 95,-

Salat med steikt kjukling, balsamico/sennepsdressing
Kr 105,-

Tunfiskmousse med varmrøykt laks servert med salat, reker og dressing.
Kr 105,-
 

Hovudrettar

Langsteikt oksefilet frå Selheim servert med søtpotet/fennikel stappe og saus med sopp frå Vossaskogane.
Kr 320,-

Ovnsbakt steinbitfilet med grøne linser, kvitvinssaus og grønsaker
Kr 285,-
 

Dessertar

Verrin med jordbærsaus av Ringheimsbær og ferske bær
Kr 115,-

Ostatallerken med sylta Cumquat
Kr 115,-

Is frå Alm Gard
Kr 105,-

www.storeringheim.no tlf 95406135, post@storeringheim.no

Hotell i særklasse



Me er i gang med å byggja om gamlahuset på garden til eit lite hotell - og det skal sjølvsagt verta eit hotell i særklasse:)
Ikkje som i Fawlty Towers sjølvsagt, og spesielt ikkje med meg som Basil Fawlty - nei, detta skal verta eit verkeleg hotell i særklasse.

Råmaterialet er det gamla hovudhuset på garden som er frå omlag 1860 og den gamla årestova som er frå byrjinga av 1700 talet.
Desse to husa er det så planen å forsiktig restaurera attende til opprinninga så ikkje sjela i husa går tapt.

Deretter vert det laga til eitt rom i stovo og eitt i kjøkjen i første høgda, desse får kvar sitt bad i kammerset. I andre høgda vert det likeeins Det vert også eit spesielt rom i årestovo med litt sota vegger, hol i taket og kanskje eit skrymt i veggen.

Me kallar dette hotell sjølv om det berre er 5-6 rom for me har tenkt å ta med all komfort frå eit godt hotell inn i dette gamla, fattigsleg utsjåande huset og  frukosten vert servert i løo.

Me trur det er ein trend at folk ynskjer ein annan setting enn eit typisk hotell når dei er ute og reiser men at dei ikkje vil gje slepp på komforten i eit godt hotell.
Me vil møta denne trenden ved å ta ut innhaldet i eit godt hotell og setja det inn i vårt autentiske gamle gardstun, på den måten kan våre gjester få med all den atmosfæren som ligg her i det gamle tunet, med dei gamle husa og ei slåande utsikt og samstundes ha full komfort.

Me kjem til å oppdatera dykk her på bloggen etterkvart som bygginga skrid fram og vonar de vil fylgja med og dela med andre.
 

tirsdag 27. november 2012

Nytelse på låven

Nytelse på låven - det er overskrifta på eit uvanleg godt innslag i BT og BT Nettavisen

Me hadde journalist Siv Sævrås og fotograf Rune Sævig på besøk ein heil dag og me hadde inntrykk at dei treivst godt i den for høvet jolapynta løo.

Og resultatet viste seg å verta svært bra, ta ein titt på innslaget via linken og sjå sjølv, me meiner dei har fått fram kjernen i det me vil driva med.

Godt gjort!
 

torsdag 22. november 2012

Førejolshelg - pinnakjøt - kos og romantikk

Er det nokon som kunne tenkja seg ein kjekk kveld med god mat (pinnakjøt eller ala carte) i lag med gode vener, kjærasten, kåno (som og sjølvsagt kan vera kjærasten:o)) ein kveld no i førejolstida?

Fredag 30.11. er ein slik dag. Den dagen har me ikkje fyllt opp med store lag og halloi men me lagar gjerne pinnakjøt til dekan som vil ha ein roleg kjekk kveld i ei jolapynta løe.

De som vil eta god mat i skinet av levande ljos, sjå kvarandre djupt inn i augo, sleppa skuldrane ned og ta inn ro og jolastemning no rett før advent.

Ring oss seinast dagen før om de vil ha pinnakjøt så svingar me opp med nydeleg heimalaga pinnakjøt og kaffi og kake med is til ein overkomeleg pris.

Hjarteleg velkomne kjære de:)
 

mandag 12. november 2012

Meny veke 46

Ny veke, ny meny. No har Vossalammet gjort sitt inntog på menyen

Store Ringheim Meny veke 46

 

Forrettar

Gresk salat med fetaost

Kr 95,-

Oksecarpaccio med balsamico/olivensaus

Kr 105,-

Beduin lambasuppe med heimalaga brød

Kr 95,-

 

Hovudrettar

Langsteikt lambafilet frå Selheim med raudvinssaus med sopp, poteter og steikte grønsaker.

Kr 320,-

Dampa Vossolaksfilet med grøne linser og grønsaker

Kr 285,-

 

Dessertar

Sjokoladekaka med is frå Alm Gard

Kr 115,-

Ostatallerken med sylta Cumquat

Kr 115,-

Is frå Alm Gard

Kr 105,-

www.storeringheim.no tlf 95406135, post@storeringheim.no

fredag 9. november 2012

Meny veke 45

Her er menyen veke 45


Store Ringheim Meny veke 45

 

Forrettar

Rekecocktail.

Kr 95,-

Skinkerullettar av Tveiteskinke med melon og balsamico.

Kr 105,-

Bisque toamtsuppe med feta

Kr 95,-

 

Hovudrettar

Okse ytrefilet frå Selheim med raudvinssaus med sopp, grønsaker og steikte poteter.

Kr 320,-

Ovnsbakt steinbit med maispolenta, urter og kvitvinssaus

Kr 285,-

 

Dessertar

Eplakaka med iskrem frå Alm Gard

Kr 115,-

Ostatallerken med sylta Cumquat

Kr 115,-

Is frå Alm Gard

Kr 105,-

www.storeringheim.no tlf 95406135, post@storeringheim.no

mandag 5. november 2012

Tilbakemelding frå Ganefart

I dag fekk me denne hyggelege eposten frå Noregs Bygdekvinnelag, den inneheld årets evaluering frå Ganefart.


Kjære deltaker i Ganefart 2012!

Takk for at dere valgte å delta i årets konkurranse. I løpet av sommeren har om lag 80 personer rundt omkring i hele landet jobbet hardt for å besøke alle de påmeldte spisestedene, og nå er samtlige testbesøk overstått.

 

Testerne hadde mange kriterier de skulle undersøke, og stedene har fått en helhetlig vurdering. Vi har lagt mest vekt på bruk av lokale råvarer, lokal og nasjonal matkultur, samt hvor flinke stedene har vært i formidlingen av disse.

 

Ganefart er en konkurranse som har blitt arrangert annethvert år siden 2006. Dette er første gang vi prøver ordningen med at alle spisesteder får tilbakemelding uavhengig av om de går videre i konkurransen eller ikke. Vi ønsker å bidra til å motivere norske spisesteder til å satse mer på norsk matkultur, og håper disse tilbakemeldingene vil betraktes som en konstruktiv oppmuntring. Vi setter stor pris på deres deltakelse i år, og håper dere vil delta også neste gang. Sammen kan vi gi et løft til bevisstheten omkring norsk mat og kvalitetsråvarer!

 

Dette er deres tilbakemelding på bakgrunn av skjemaene testerne fylte ut.

 

 

Spisested: Store Ringheim Gjestetun

Dato besøkt: 26. juli 2012

 

Mat: Vossalaks; oksefilet; panna cotta

 

Laksen med saus og grønnsaker var innpakket som en fin gave og så svært delikat ut. Linsebønner ble servert ved siden av i egen skål. Dette så spennende ut. Oksefileten var nydelig anrettet oppå en potetpai. Grønnsaker og saus var lekkert lagt opp. Desserten så nydelig ut, pyntet med jordbær, krem og sjokolade. Smaksopplevelsen var veldig god. Laksen ga en svært positiv smaksopplevelse, og alle råvarene var nydelig tilberedt. Dette ville vært vanskelig å få til selv. Oksefileten var passe stekt og veldig mør. Nydelig saus med sopp hevet retten. Karakter 10/10 på både visuell presentasjon og smak.

Kommentar: Testerne fikk varme småbrød med hvitløkssmør mens de ventet, og kaffe inkludert. Det var også gode porsjoner av rettene. Meget bra.

 

En stor andel av rettene på menyen var typisk for regionen. Det var også en stor andel lokale råvarer anvendt i maten som ble testet. Opphavet til råvarene/rettene var greit og enkelt beskrevet i menyen. Lokal identitet var i stor grad synlig i markedsføringen av stedet. Menyen var liten, men ble byttet hver uke.

 

Betjeningen viste upåklagelig service, og var effektive og vennlige. De var også svært flinke til å presentere maten muntlig og svare på spørsmål. Karakter 10/10 på service. Lokalene var flotte og innbydende, og testerne ble tatt godt imot og fortalt om stedet. Inventaret var flott, og det var lyst og ryddig. Tydelig gjennomtenkt. Koselige sittegrupper. Interessante utstillinger. Behagelig musikk i bakgrunnen. Karakter 9/10 på atmosfære. Alt var nytt og rent, og ryddingen var godt organisert. Toalettet var også fint, men det manglet såpe. Karakter 9/10 på renhold og hygiene.

 

Var spesielt bra: Maten var nydelig tillaget og smakte kjempegodt. Stedet tilbyr gode matopplevelser i gjennomførte lokaler med et helhetlig konsept.

 

Forbedringspotensial: Lite å peke på. Området utenfor var kanskje litt uferdig, men så ut til å være under arbeid. Et spennende sted å følge utviklingen til.

 

 

 

Ta gjerne kontakt dersom dere har spørsmål eller tilbakemeldinger.

 

Ha en flott høst!

 

Med vennlig hilsen
Mari Gjengedal
Prosjektleder Ganefart 2012
Norges Bygdekvinnelag