tirsdag 17. desember 2013

Filmsnutt frå Store Ringheim


Her er eit koseleg lite filmkutt frå programmet Det Norske Måltid som vart vist på TV2 24.11 i år og som kjem i reprise i melsdagane (romjula for uinvigde).
Her er det med litt meir frå huset og hotellet enn det som vart vist i programmet takka vera Lars Skaarer i Tellusworks som har miksa ihop denne snutten.

Ser det så koseleg ut at de vil prøva sjølve er det berre å ta ein telefonsamtale til 95406135 så ordnar me det enten det no gjeld grupper, firmasamlingar, familiehøgtidingar eller berre eit par som vil roa ned og kosa seg nokre dagar:)

fredag 15. november 2013

Det Norske Måltid 2013

Då fann me ut av kortid dette skal sendast:

Søndag 24.11.

"22:45 Det norske måltid 2 : 7
HD. Programleder Arne Hjeltnes og artist Heine Totland loser oss gjennom ulike landsdeler på jakt etter det beste norske måltidet.

Arne og Heine besøker det praktfulle Vestlandet. Her har de bestemt seg for å finne ut hvordan det henger sammen med blomster og bier, samt å finne den best tenkelige honningen. Til festmiddag på Voss, kommer Herborg Kråkevik med et knippe sanger. "
 
Det var ein herlig dag full av glede og sprudlande humør, resultatet av eitt og eit halvt døgn med organisert galskap kan de sjå på TV2 søndag den 24.11. kl 22.45
 
Litt bilete frå innspelinga nedanføre.
 




 

fredag 25. oktober 2013

Haust er tid for god mat

Hausten er over oss og hjå oss betyr det at lam i ulike variantar er faste innslag på menyen. Me er så heldige at me har ein lokal slaktar som berre tek inn dyr frå nærområdet og sikrar oss dermed kjøt frå nærliggjande fjellbeite:)
Hjå same slaktaren får me både hjorte og oksekjøt som dukkar opp p¨å menyane våre når me har tilgang.

Naturen er i det heile ein god leverandør hjå oss, me plukkar sopp og bær, litt urter og litt vilt og fisk kjem stadig innom menyane våre og gjev gjestene tilgang til litt uvanlege smakar no idesse halvfabrikata tidene.

Menyane skiftar med ujamne mellomrom så det kan godt vera at de har lese den som kjem nedanføre før de kjem og så er det noko anna på menykartet den veka, men fortvil ikkje - alt er godt:)

For grupper lagar me eigne menyar etter kva ynskje dei har, pinnakjøt og smalahove er ikkje noko problem men det må tingast nokre dagar før sidan me er nøygne på koketid og servering, detta er ikkje ala carte mat.



Meny hausten 2013

 

Forrettar

Tradisjonsmat med sprakasaus

KR 115,-

 
Jerusalem krema artisjokksupan med røykt Vossolaks og heimalaga brød

Kr 95,-

 


Hovudrettar

Indrefilet frå Selheim Gardsslakteri, steikte poteter og grønsaker, servert med heimalaga bernaisesaus

Kr 325,-

 
Vossalam indrefilet servert med potetpure, steikte grønsaker og raudvinssaus med sopp frå Vossaskogane

Kr 325,-

 
Dampa laks servert med grøn aspargesog kvitvinssaus

Kr 285,-

 

 Dessertar

Ostetallerken

Kr 115,-

 
Heimalaga Creme Brulee

Kr 105

 

Iskrem frå Alm Gard

Kr 105,-

onsdag 4. september 2013

Jolabord eller firmasamling/kurs

Det er ikkje til å unngå, sola er på vill flukt bort frå oss og morgenstund med gull i munn er vorte morgenstund med skumring tung, slik går no året.
Men det er ikkje berre trist heller for no er det nemleg sesong for å samlast med gode vener eller kolleger og ha ei koseleg stund med god mat og drykk.

Store Ringheim er ein perfekt stad for slike samlingar, sjå berre her:
  • Kurslokale med prosjektor, internett, lyd og flip over.
  • God lunsj og pausemat
  • Kursvert til stades heila tida
  • Eit eige rom til disposisjon heile kvelden om de vil
  • Spesielle og koselege omgjevnader
  • God mat laga frå botnen- ikkje noko halvfabrikata her!
  • Tripadvisor rating: Excellent!
  • Så sant me finn rett kvalitet brukar me lokale råvarer
  • Vestlandsøl og sider er sjølvsagt tilgjengeleg
  • God musikk om de ynskjer det, Voss er velsigna med utal flinke musikarar i alle sjangrar.
Nytt av året er at de slett ikkje treng reisa heimatt om natta - me har opna eit pitte lite hotell med dei finaste og koselegaste romma på Voss. Det er ettertrakta så det er langt frå sikkert det er plass men er du så heldig kan me lova deg ei god natts søvn og ein skikkeleg god frukost dagen etter.
Me har fått ratinga "Extraordinaire" med 9,5 av 10 mogelege på booking.com:)




Fint å bu her:)










No nærmar også jolabordsesongen seg og me har alt byrja å få inn dei første tingingane. Veldig kjekt at gjester frå i fjor vil koma att i år:)
Me har ikkje vanleg jolabord med overdådige buffetar men satsar på ein skikkeleg tre rettars jolamiddag.

Opplegget er som følgjande:
  • Gjestene kjem mellom 18.30 og 19.00 og vert møtt med eit glas god sider frå Nils Lekve i Ulvik
  • Middagen startar kl 19.30 presis med heimalaga brød/smør og ein god forrett
  • Hovudretten vert pinnakjøt produsert her på garden og består av Vossalam frå Voss Gardsslakteri, korv frå Skåramat, nepestappa og poter.
  • Avslutningsvis ein god dessert og kaffi/te
  • Omrigging i det store rommet og spelemannen Laine DeWolf spelar opp til dans ut i dei små timar
  • Kort sagt - oppskrifta på ein koseleg kveld:)
Me reknar med å verta utselde heller fort på dei mest populære datoane så dette er ikkje noko å grubla på lengje - triv telefonen og ring 95406135 eller send ein epost til post@storeringheim.no og reserver plass. Det er ikkje så nøye med nøyaktig tal deltakarar no det tek me inntil ei veke før.

Hjarteleg velkomne til ein spesiell stad:)

 

torsdag 29. august 2013

Hotelldrift

Hotellet vårt har vist seg å vera svært populært, heldigvis.
Ifrå ein forsiktig oppstart tak det litt av då me melde oss inn i Booking.com og me har sidan vore rimeleg opptekne både i restaurant og hotell, gjestene skal då ha mat sjølvsagt:)

Det er triveleg og kjekt å møta så mykje kjekke folk frå heila verda, litt utfordrande med kommunikasjonen av og til men me har då både fingrar og armar når orda ikkje strekk til.

I september og oktober som er lågsesongen vår har me skikkeleg gode prisar så om nokon av dykk vyrde lesarar skulle få lyst å prøva ei natt eller to er det berre å ringja 95406135, me skal gjera vårt beste for å gje dykk ei god oppleving.

Kanskje de vil prøva dette rommet som er vel 300 år gamalt?


Eller dette som berre er 150?


 

søndag 14. juli 2013

Bilete Store Ringheim Hotell

Då har me vorte heilt ferdige med det vesle hotellet vårt:)

Kokken vår, Darius Adomaitis, er også ein flink fotograf og han har teke bilete frå romma som me skal bruka i marknadsføringa.

De kan sjå dei nedanføre, eg har lagt til bilettekst så de kan sjå kva rom som er på biletet, romma har ikkje nummer men navn etter kva dei var i huset sitt tidlegare liv.

Inngang
Stovo

Stovo


Eitt av baderomma
Kjøkjen


Eldhuset

Eldhuset


Eldhuset
Kammerset



Kammerset

Gangen og troppe


Lemmen

Lemmen


Lemmen


Gangen


Øpstelemmen


Øpstelemmen


Øpstelemmen

Øpstelemmen

Øpstelemmen

Øpstelemmen

Bad Øpstelemmen
 

torsdag 20. juni 2013

Sommarlunsjen 2013

Då var endeleg ventetida over for dykk som likar ein roleg, god og heimalaga lunsj utan ståk og kassakø.
Me har no ope for lunsj onsd - sønd 12 - 16.00
Den kan nytast inne på regnversdagar og ute med ei praktfull utsikt over grøne bøar og Horndalsnuten på finaversdagar.

Kun 3 min frå Vangen med bil og gratis parkering:)

Her er menyen

Lunsj meny

From:    Thursday-Sunday, 12:00 – 16:00, ala carte 17 - 21

              

1.       Kjuklingsalat med honning/olivenoljedressing                  Kr 135,-

2.     Caprese salat med spekekjøt                            Kr 135,-

3.     Innbakt marinert svinenakke og lett buljongsuppe

med nudlar                                               Kr 98,-

4.     Store Ringheim burger med salat

5.     Hjortekjøtbollar med potetmos og salat          Kr 145,-

6.     Varme, kvitlauksgratinerte reker med salat mix.      Kr 145,-

7.     Vegetarlasagna med tomatsalsa og salat                   Kr 145,-

8.     To Danske smørrebrød, eit med rudlepølsa og eitt med

      steikt fisk og remuladesaus                   Kr 165,-

9.     Dagens kaker, spør kelner, servert med iskrem og

frukttopping.                                            Kr 75,-

10.  Is frå Alm Gard                                         Kr 105,-

Sommarmenyen vår i 2013

Her er sommarmenyen vår for i sommar, mykje godt her:)


Meny sommar 2013


Forrettar
Speketallerken med salat og sprakasaus
KR 110,-
 
Avocado og steikt kjuklingsalat med avocado sennepsdressing
Kr 115,-
 
Lambasupan med heimalaga brød
Kr 95,-
 
 
Hovudrettar
Kvitvinsbraisert lam med potetmos, dampa grønsaker og raudvinssaus
Kr 325,-
 
Indrefilet frå Selheim servert med balsamicosaus og grønt smør, steikte grønsaker og potetkrokettar
Kr 325,-
 
Ovnsbakt laks med grøne linser, grønsaker og blå Stilton ostesaus
Kr 285,-
 
Dessertar
 
Ostetallerken
Kr 115,-
 
Heimalaga Creme Brulee
Kr 105
 
Iskrem frå Alm Gard
Kr 105,-

onsdag 19. juni 2013

Opning 1. juli:)

Med atterhald om godkjenning tek me sikte på å opna det minste hotellet på Voss (med god margin) den 01.07.

Då har me bygd i over eit år og er rimeleg fornøgde med å sjå eit ryddig tun utan (kjekke) handverkarar som svermar rundt.

Hotellet inneheld 6 rom; Eldhuset, Kjøkjen, Stovo, Lemmen, Kammerset og Øpstelemmen. Navna har dei etter kva dei heitte før då huset var våningshus for to generasjonar.

Romma er ulike både i storleik og utsjånad. Stovo og Lemmen er romslege rom med trekvite, skurte tømmervegger, vedomn og utsikt utover tunet og Horndalsnuten.
Kjøkjen og Lemmen er mindre med vegger delvis med tømmer, delvis tapetsert eller målt, utsikta her er vestover mot Hanguren.
Øpstelemmen er heila loftet, kvite vegger og tak og med fin utsikt mot hagen og Lundarvatnet/Knostabygda.
Til sist har me perla i huset - Eldhuset. Dette er opprinneleg ei gamal årestove frå første halvdel av 1700 talet. Då eg var liten var det her ein stor peis der det vart kokt og bakt i store porsjonar, litt småskummelt med mørke krokar og svarte vegger. Etter ein kort periode som bad og vaskerom er det no atter ei gamal stove med røykfarga vegger og tak, ljore i taket, peis, himmelseng og bad.
Her har mange generasjonar levd sine liv i glede og sorg så her sit mykje historie i veggene. Eit rom som ikkje finns andre stader.

Straks me har romma ferdige nok vil me leggja ut litt bilete her.

Romma vert leigde ut med frukost, denne vert servert i romantiske omgjevnader i løo, eller halvpensjon.

Me har sendt søknad om å verta med i "De Historiske" og vonar at dette klaffar med det første. Kriteriet for å verta med der er at ein har eit historisk anlegg og høg kvalitet, me meiner me har begge deler.

Skal de til Voss og vil bu standsmessig men i fred og ro kan me kontaktast på 95406135 eller post@storeringheim.no
 

torsdag 9. mai 2013

Food prints

Me takkar så mykje for ei svært fin gåve frå Innovasjon Norge, Noregs Bondelag og Landbruks- og Matdepartementet på fødselsdagen min i går:)
Me er vorte tekne opp i Food Prints programmet, eit program som samlar i hop og presenterer matstader av høg kvalitet, lokal profil og godt vertskap.

Me er litt meir enn litt stolte i dag


I regi av Innovasjon Norge, Norges Bondelag og Landbruks- og matdepartementet

 

Til Store Ringheim Gjestetun                                                          Oslo 08/05/2013

 

Gratulerer med godkjent deltagelse under Norwegian Foodprints.

 

Norwegian Foodprints er en visningsplass for utvalgte spisesteder som serverer god mat laget av norske råvarer med lokal identitet og historie, servert av et engasjert og kunnskapsrikt vertskap.

 

Spisestedet  Store Ringheim Gjestetun  ble testet 03.03.2013 og vurdert som en meget god ambassadør for servering av norsk kvalitetsmat og med kunnskap om norske og lokale råvarer og historie. Vi vil med dette brev bekrefte at dere er godkjent.

  

Norwegian Foodprints er ikke en ny medlemsorganisasjon, men et hjelpemiddel for spiseglade gjester til å plukke de gode norske spisestedene. En presentasjon av ditt spisested vil ikke medføre andre kostnader enn eget kvalitetsarbeid. VisitNorway.no vil bidra til markedsføring av Norwegian Foodprints, som i første omgang vil komme på norsk og engelsk. VisitNorway har i tillegg laget en App, både til Iphone og Android, hvor Norwegian Foodprints har fått direkte link.

 

Norwegian Foodprints samarbeider med Norges Bygdekvinnelag og Destinasjons- og Turistkontorene i regionene. Tellus basen er felles publiseringsbase for reiseliv i Norge. Det er også her VisitNorway og Foodprints henter alle data fra. 

 

Norwegian Foodprints er under utvikling, og i 2011 er målet å vise frem inntil 100 spisesteder rundt om i Norge. Alle må ha de høye kvalitetskravene, det må kunden føle seg trygg på. Vi setter stor pris på alle tilbakemeldinger som vil bidra til at vi får logistikken til å fungere. Vi vet at behovet for god informasjon til forbruker er stort, og for at dette skal lykkes må dere gi kunden den beste opplevelsen.

 

Med hilsen

Innovasjon Norge

Norwegian Foodprints

 

Grete Methi

 

 

 

 

torsdag 2. mai 2013

17. mai tilbod


I år er det berre eitt år til 200 årsdagen for grunnlova vår og me ser ingen grunn til ikkje å feira litt ekstra allereie i år så me har verkeleg lagt oss i selen og spikra i hop eit verkeleg fantastisk 17. mai tilbod!
Både torsdag 16. mai og fredag 17. mai har me erstatta ala carte menyen med ei pakke som inneheld ein sprudlande aperitif ved ankomst, deretter kjem ein fem rettars festmeny (sjå under) og sjølvsagt kaffi til desserten.

Alt er matrettar ein ikkje får kvarsomhelst.

Me reknar med at dette vert populært så det er ikkje lurt å venta med å tinga:)

Ring 95406135 eller send epost på post@storeringheim.no og sikra dekan plass på eit kulinarisk høgdepunkt denne seine våren!

Spurde nokon etter prisen...kun kr 500,- pp for heila greio inklusiv aperitiffen. I tillegg vil det verta tilbod om ei god vinpakke med vin i glas tilpassa dei ulike rettane.


17. mai tilbod

 5 rettar, aperitif ved ankomst – 500,-pp 

Forrett 1
Lambarullett med heimalaga mørkt fiberbrød, aspic, lauk,salat og sprakasaus 
 
Forrett 2
Rakafisktartar med flatbrød og vaktelegg, purre og salat. 
 
Hovudrett 1
Heite hjorteklubber på sitrongras, yamspuree, skogssaus og grønsaker. 

Hovudrett 2
 Steikt breiflabb i sitronsaus med grønsaker i bananlauv 

Dessert
Portvinmousse med blåbær, kaffi

torsdag 11. april 2013

Møte ut av huset?

Etterkvart mange verksemder har lagt møte som krev litt ekstra arbeidsro til Store Ringheim.
Me får gode tilbakemeldingar på at her finn dei den roen som skal til når ein skal gå i djupna på saker og ting, nye strategiar skal formast og viktige beslutningar fattast.

Nokre kurshaldarar er også byrja å bruka våre tenester når dei skal halda kurs.

Me tykkjer dette er ei gledeleg utvikling innan ei kundegruppe som me er rimeleg sikre på vil auka i tida framover.
Me vil arbeida for dette ved å fortsetja med å gjera alt for at ein møtedag hjå oss skal vera sutalaus for arrangøren slik at dei kan konsentrera seg om sitt utan å verta forstyrra av noko anna.

I desse dagar vil me senda ut flygebrevet under til Vossaverksemder, lokale kundar frå indre Hordaland er utruleg viktige for oss og me vonar på positiv respons.

                                Møte ute av huset?

 

På Store Ringheim har me god erfaring med å ta oss av møter og mindre konferansar.

Me kan tilby:

·         Roleg omgjevnad og god atmosfære perfekt for ei effektiv arbeidsøkt

·         Hjelpemiddel som prosjektor, skjerm, lyd, flip over, trådlaust internett og ein kursvert tilgjengeleg heile tida

·         Kaffi, te, vatn, frukt og småkaker på møterommet

·         God heimalaga lunsj servert i restauranten

·         Tre rettar middag om kvelden om det er ynskjeleg

Me veit det er ei investering å ta nøkkelpersonar ut av den daglege drifta ein dag, så me vil gjera vårt beste for at alt skal gå greitt og at de får maks utbyte av dagen.

Frå juni kan me tilby overnatting i seks dobbeltrom i det nyopna hotellet vårt
Booking og førespurnader på: 95406135 eller post@storeringheim.no

 

Velkomne til oss!


 

 

 

 

mandag 8. april 2013

Vårfest eller sommaravslutting

Våren er her og sommaren nærmar seg, dei ljose tidene er komne og me får endeleg vona me ikkje har brukt opp finaveret for resten av året:)

Det er etterkvart tid til å tenkja på vårsamlingar og sommaravslutningsfestar.
I fjor hadde me mange kjekke samlingar og lystige lag i mai og juni og det ser ikkje ut til å verta mindre i år - tvert imot.
Så om de går med planar om ei kjekk samling med vener eller arbeidskameratar så er den beste staden å halda det her hjå oss med god mat, god drikke og rikeleg med plass både ute og inne - og kortaste vegen vert det og for dei fleste her me ligg midt mellom bygdebydn og fetlingane:)

Men, det er byrja å tetna seg litt til på dei mest populære dagane så det kan kanskje vera ein god ide å ta kontakt og reservera plass - detaljane kan me ta seinare:)

 

lørdag 6. april 2013

Spanande vårmeny

Då har kokken sett ihop ein spanande vårmeny full av rettar der han har lete kreativiteten og fantasien fenge fritt spelerom.
Me kan nemna kvitfisk dampa i bananlauv og Vossalam indrefilet grilla på spyd...mmmmmmm:)

Alle rettane er sjølvsagt laga frå botnen og med råvarer som i helst kjem frå Vestlandet og Voss.

Ta turen oppom og prøv litt ekta mat som ein ikkje får kvarsomhelst:)


Meny april 2013


Forrettar

Risotto i parmesankorg med sopp frå Vossaskogane   og salat

Kr 115,-
 

Spekemattallerken med sprakasaus og salat

Kr 115,-
 

Vårsalat med steikt kjukling             

Kr 105,-
 

Dagens suppe, spøt servitørenJ

Kr 95,-
 

Hovudrettar

Grilla Vossalam indrefilet på spyd, råsteikte poteter, grønsaker og heimalaga barbequesaus

Kr 325,-


Kjuklingrulettar med sopp frå Vossaskogane, cous cous og krema ostesaus

Kr 295,-
 

Biff tournados av indrefilet frå Selheim, borretanlauk i balsamico og kryddersmør

Kr 325,-
 

Kvitfisk og grønsaksalsa dampa i bananlauv, risnudlar

Kr 285,-
 

Dessertar

Heimalaga creme brulèe

Kr 95,-
 

Ostekaka med blåbær

Kr 95,-
 

Ostetallerken med utval av lokale ostar

Kr 115,-
 

Iskrem frå Alm Gard

Kr 105,-