søndag 24. februar 2013

Vinterferie

Så var vinterferien over oss. Det er fullt i alle hytter og hus, hotell osv. Fint ver er det også meldt, både sol og høveleg temperatur så det er rike mogelegheiter til å bruka dagane ute i snøen på tur eller i løypene.
Det er kanskje nokon som vert leie av å laga mat uti veko, eller leie av pizza i sentrum, ingen fare med det - me har ope torsdag til søndag. Februarmenyen finnes litt lenger nede på denne bloggen.

Men no er det kanskje slik at det ikkje alltid er ein solid middag som skal til, kanskje berre litt småknask...
Då kan de prøva øltapasen vår, ein god smårett som er laga for å passa til kraftig og godt øl men som også står seg godt utan.
Denne vert servert i den meir uformelle delen av løo, utan kvite dukar og høge glas men triveleg likevel.

Kom og prøv då vel:)

PS Me har litt gjester på onsdag kveld, om det er fleire som vil eta den kvelden er det berre å ringa 95406135 og tinga:)

torsdag 21. februar 2013

Øltapas

Tapas, små rettar til vin eller i utgangspunktet ein skinkebete brukt som lok på sherryglasa for å halda flugene ute, er eit velkjent omgrep for reisevande Nordmenn.
Øltapas er neppe det.
Me har teke fatt i materien og i samarbeid med kjøkkensjefen vår som kjem frå Litauen, eit land med rik ølkultur, har me utarbeidd eit knippe smårettar som passar godt inntil eit godt glas øl enten det no er med eller utan alkohol.
Ingenting av dette er ferdigmat sjølvsagt. På fatet er det spekekjøt av gardens produksjon, erter i baconfeitt (Vossabacon sjølvsagt) med litt krydder X, dette er ein Lituaisk tradisjonsrett. Ølkjeks med kryddermiks som matchar ølsmak (sjølvsagt laga her) og kanskje ostekrokettar (heimalaga dei og)

Som de ser så passar det heilt utmerka til alkoholfritt øl:)

Me byrjar å servera dette frå dags dato og me meiner det er eit svært godt alternativ til dei som gjerne vil besøkja oss men ikkje vil eta middag. Litt god mat til eit godt glas er i so tilfelle eit svært godt alternativ og ein porsjon med dette får ein grumlande mage til å tagna - for det er kraftkost!

Prisen er rimeleg - kr 85,- for ein porsjon



Rimeleg og godt!
Årets slager?? Kom og prøv og døm sjølve

 

onsdag 6. februar 2013

Februarmenyen vår

I år har me laga eit nytt opplegg på menyane våre. I staden for å endra menyane kvar veke og berre ha to hovudrettar å velja mellom har me no månadsmenyar som er litt sesongbaserte. Det vert 4 faste hovudrettar å velja mellom og innimellom eit ekstra veketilbod om spesielle råvarer dukkar opp.

Me vonar dette vil verta godt motteke av matglade gjester.

Til grupper, lag, verksemder, høgtidsdagar osv har me sjølvsagt tilbod utover månadsmenyen når menyen for festen/samlinga skal setjast ihop:) Darius, den dyktige kokken vår, kan laga det meste.

Under finn de årets første månadsmeny.


Meny februar 2013

 

Forrettar

Bakt potet med krema smør og røykt laks         

KR 105,-*

Spekemattallerken med sprakasaus og salat   

Kr 115,-*

Fiskesuppe med heimalaga brød           

Kr 95,-

 

Hovudrettar

Okseindrefilet frå Selheim, potet med kvitlaukssmør, grønsaker og bernaisesaus.

Kr 325,-

Langsteikt ytrefilet av Vossalam med potetmos, grønt og raudvinssaus med Vossasopp

Kr 315,-

Kjuklingrullettar med grønsaker av Ytterøy kjukling med couscous og currysaus

Kr 275,-

Ovnsbaktryggfilet av skrei med bacon, polenta, kvitvinssaus og  grønsaker.

Kr 285,-

 

Dessertar

Heimalaga creme brulèe

Kr 95,-

Ostetallerken med utval av lokale ostar

Kr 115,-

Iskrem frå Alm Gard

Kr 105,-