onsdag 4. september 2013

Jolabord eller firmasamling/kurs

Det er ikkje til å unngå, sola er på vill flukt bort frå oss og morgenstund med gull i munn er vorte morgenstund med skumring tung, slik går no året.
Men det er ikkje berre trist heller for no er det nemleg sesong for å samlast med gode vener eller kolleger og ha ei koseleg stund med god mat og drykk.

Store Ringheim er ein perfekt stad for slike samlingar, sjå berre her:
  • Kurslokale med prosjektor, internett, lyd og flip over.
  • God lunsj og pausemat
  • Kursvert til stades heila tida
  • Eit eige rom til disposisjon heile kvelden om de vil
  • Spesielle og koselege omgjevnader
  • God mat laga frå botnen- ikkje noko halvfabrikata her!
  • Tripadvisor rating: Excellent!
  • Så sant me finn rett kvalitet brukar me lokale råvarer
  • Vestlandsøl og sider er sjølvsagt tilgjengeleg
  • God musikk om de ynskjer det, Voss er velsigna med utal flinke musikarar i alle sjangrar.
Nytt av året er at de slett ikkje treng reisa heimatt om natta - me har opna eit pitte lite hotell med dei finaste og koselegaste romma på Voss. Det er ettertrakta så det er langt frå sikkert det er plass men er du så heldig kan me lova deg ei god natts søvn og ein skikkeleg god frukost dagen etter.
Me har fått ratinga "Extraordinaire" med 9,5 av 10 mogelege på booking.com:)




Fint å bu her:)










No nærmar også jolabordsesongen seg og me har alt byrja å få inn dei første tingingane. Veldig kjekt at gjester frå i fjor vil koma att i år:)
Me har ikkje vanleg jolabord med overdådige buffetar men satsar på ein skikkeleg tre rettars jolamiddag.

Opplegget er som følgjande:
  • Gjestene kjem mellom 18.30 og 19.00 og vert møtt med eit glas god sider frå Nils Lekve i Ulvik
  • Middagen startar kl 19.30 presis med heimalaga brød/smør og ein god forrett
  • Hovudretten vert pinnakjøt produsert her på garden og består av Vossalam frå Voss Gardsslakteri, korv frå Skåramat, nepestappa og poter.
  • Avslutningsvis ein god dessert og kaffi/te
  • Omrigging i det store rommet og spelemannen Laine DeWolf spelar opp til dans ut i dei små timar
  • Kort sagt - oppskrifta på ein koseleg kveld:)
Me reknar med å verta utselde heller fort på dei mest populære datoane så dette er ikkje noko å grubla på lengje - triv telefonen og ring 95406135 eller send ein epost til post@storeringheim.no og reserver plass. Det er ikkje så nøye med nøyaktig tal deltakarar no det tek me inntil ei veke før.

Hjarteleg velkomne til ein spesiell stad:)