søndag 26. oktober 2014

Halvor Heuch - Norsk drikke til Norsk mat

Bilete frå Din Mat
Halvor Heuch, sjølvaste mr Akevitt, sjefsdestillatør i Arcus, kjem til Voss og oss på Store Ringheim 13.11.

Me ser på det som ei stor ære at han fann tid til å koma her for å snakka om og visa korleis ein kan setja ihop ein heilskap av Norsk mat og Norsk drikke.

Opplegget vert slik at Halvor først vil ha eit lite kåseri (kurs) med bilete der han fortel om mat og akevitt.

Bilete frå Horecanytt
Deretter går me til bords og får servert ein god seks rettars middag med øl og akevitt.
Ein byrjar med det ljose lette til forrettar frå hav og innlandsvatn. Her er det lett akevitt og ljost øl.
Så vert det hovudrettar der ein også svingar innom indre strøk på Vestlandet med litt røykt mat mellom anna, no vert det kraftigare akevitt og øl.
Til sist kjem dessertane. Først er det ein trilogi med kraftig, barsk ost med ditto følgje før ein gjev seg over til det søte i følgje med akevittlikør og mørkt øl.

Bilete frå Aperitif
Hildrande du, den som ikkje er i himmelen då veit knapt sitt eige beste


Heile sesjonen med kåseri og middag med øl og akevitt kjem på kr 975,-. Ei rimeleg investering for å få eit glytt inn i ei verd du knapt trudde fanns, guida fram av den fremste kjennaren her i landet.

Er det noko for deg eller verksemda di kan de melda dykk på på 95406135 eller post@storeringheim.no

Me har ikkje uavgrensa med plassar så her er det første mann til mylne som gjeld,
Hjarteleg Velkomne til ein kveld utanom det vanlege:)

tirsdag 7. oktober 2014

Jolalunsj - Julelunsj

Jolalunsj - Julelunsj


Dersom eit heilt jolabord er litt mykje eller kanskje de vil feira på ein annan måte...då er ein hyggeleg jolalunsj hjå oss her på Store Ringheim tingen.
Me har teke utgangspunkt i den koselege Danske tradisjonen med "Julefrokost" og modifisert den litt til Norske forhold.
Tenk på eit koseleg pynta rom med fyr i peisen eller ei tømmerstove, fint pynta bord med levande ljos, kvit duk og blomar. Der kan de sessa dykk i lag med gode vener eller kolleger til eit hyggeleg lag med god mat ein ettermiddag før jol.Etter ei hyggeleg stund med småprat og avslapping kjem så maten på bordet, først kjem dei kalde forrettane og vert plassert midt på bordet så de kan forsyna dykk og senda rundt til alle, ein sosial og kjekk måte å ha eit uformelt måltid på.
Etter ei stund er første omgang ferdig, bordet vert rydda før andre omgang, den varme maten kjem så med angen av jol rundt seg - her er både ribbe med sprø svor, jolatorsk og anna godt servert på same vis så her er det berre å gå laus igjen. Folk pratar og ritlar og tek nett ein liten skål i ny og ne - stemninga stig.
Høyrest dette ut som ei fin jolaavlslutting for dykkar firma eller lag så må de gjerne ta kontakt på 95406135 eller post@storeringheim.no
Me har ulike alternativ som de kan velja mellom.

Me byrjar litt tidlegare enn jolaborda, gjerne allereie i tretida på ettermiddagen, det er uformelt så ein kan gjerne koma rett frå jobb for ei hyggeleg samkome før jol.


De vert tekne i mot av ein hyggeleg servitør som viser dykk til rette ved bordet og fortel litt om maten før han byd på drikke til maten.

Servitøren syter for at de har det de treng av drikke osv.

Til sist vert det tomt med denne omgangen og, same prosedyre vidare - rydding og fram med nye fat og kaffikoppar for no vert det dessert og kaffi. Denne vert også servert på same måte og sørgjer for ein fin slutt på ein koseleg ettermiddag/kveld.