søndag 21. september 2014

Meny hausten 2014

Hausten er komen og me kan fråtsa i fantastiske råvarer.

Me har laga ein ny meny som skal vara fram til jol som ber preg av dette, for å få plass til alle godsakene har me laga utvalet større enn me vanlegvis har på menyane våre så det er god sjanse for at alle skal finna noko dei likar.

Her er menyen

Meny Haust 2014

Varme forrettar

Sjømatsuppe med krabbe,reker og skjell med brødkrutongar                                                   Kr 180,-              
Fylt fersk sopp med tomatsaus og ruccula                                                                               Kr 145,-

Kalde forrettar

Matjes av jomfrusild på ei seng av cherrytomat og raudlauk med paprikasaus og salat           Kr 135,-

Heimalaga rudlepylsa med chutney og raudbet/mizuna salat                                                    Kr 145,-

Fisk

Grilla torsk med potetpure og sprø gulrot, kvitlauk/olivenoljesaus                                            Kr 290,-

Aure frå Jølster med fersk krabbe, artisjokk og grovhakka poteter                                            Kr 295,-

Villaks frå Vosso, ovnsbakt med pastinakkpure og koriandersaus                                             Kr 290,-

Dagens fisk frå Domstein                                                                                                           Kr 285,-

Kjøt

Confitert ytrefilet av Vossalam med rosenkål, purre og raudvinssaus                                       Kr 305,-

Langsteikt svinenakke med kokt kål, eplepure og poteter                                                          Kr 310,-

Steikte andelår frå Gårdsand med aspargesrisotto                                                                      Kr 300,-

Dagens vilt om tilgjengeleg                                                                                                        Kr 320,-

Pasta og Risotto

Risotto med fersk skogssopp                                                                                                      Kr 220,-

Spaghetti Carbonara                                                                                                                   Kr 210,-

Dessertar

Vaniljepannacotta med raunebærlokk                                                                                        Kr 110,-

Molteverrin med molter frå Stølsheimen                                                                                    Kr 115,-

Hardangereplepai med sitron og honningsorbet frå Alm Gard                                                  Kr 110,-


Ostatallerken med ostar frå nærområdet                                                                                     Kr 120,-


Freistande - ring 95406135 og prøv då vel:)

Smalahove i godt lag

Smalahove, berre ordet gjev entusiastane vatn i munnen, og no er tida komen att. 

Som ein kompensasjon for regn, kulde og mørkare tider har forsynet gjeve oss smalahovet til trøyst, det skal njotast i lag med gode vener på ein rustikk stad som i ein gamal låve her hjå oss.

I godt fylgje med lokalt øl frå Slumpelukko bryggeri smalahoveakevitt.

Å hildrande du kor kjekt det er å koma inn i tunet medan smalahoveeimen lurar seg inn i nasebora, glade andlet og forventingsfullt sinn.
Sessa seg i tømmerstovo med tømmer frå 1684 og den tid, levande ljos og gode stolar.
Ein liten prøvesmak på kveldens øl før heidersgjestane, smalahova vert borne inn, dampande rett frå gryto i fylgje med nepestappa og poter, og nett ein pylsesnabb av Skårakorv for dei som ikkje heilt klarar metta seg på berre hovudet.

Glad lått, god stemning, skåltalar og song. Ja no er tida komen att.

Ring og ting på 95406135 eller post@storeringheim.no

Jolabord 2014

Jolabord på Store Ringheim (trykk på linken)

Velkomne til oss:)


De kjem inn i tunet forventingsfulle og klar til ein fin kveld i lag med gode vener og arbeidskameratar, det ligg litt snø på bakken og eimen av dampande pinnakjøt sig rundt i mørknet. Faklar og levande ljos viser vegen opp låvebrua og til døra som er skiljet mellom ein tilsynelatande grå og sliten låve til ei anna verd innanføre.

Der står ei rad med sprudlande glas med Kvasshovden frå Nils Lekve i Ulvik og tek imot dekan, jolastemninga sig inn i den jolapynta låven medan praten går laust og ledig.

Kanskje ein titt på utstillinga av trykk og akvarellar frå Sveinung Iversen, den heng i galleriet ved inngangen og pyntar fint opp på dei grove tømmerveggene.

Glaset tømest og vertskapet ringlar med ei smalabjødla og bed til bords. De sig så inn i dykkar rom og sessar dekan hjå bordet.
Kjekke servitørar svinsar rundt og serverer drikke og kvelden dykkar byrjar.

Ingen kø rundt buffeten - her vert maten servert ved bordet, tre heile rettar.
Ein forrett med noko lettare frå vatn eller sjø, så kjem høgdepunktet - årets pinnakjøt, salta og røykt på garden etter gamal oppskrift kjem dampande rett frå gryto og på bordet, Vossalam slakta på Selheim sjølvsagt. Tradisjons tru vert det servert med nepestappa og poter og ein stykke Skårakorv frå Aslaug Skår hjå Skåramat.
Nett eit glas med Globetrottar frå Slumpelukko og ein Smalahoveakevitt så kjenner ein at himmelen er nær.
Til sist ein god dessert som sig ned mellom resten og ein god kopp kaffi kanskje fulgd av eit glas Apal frå Ulvik.

Magen har fenge sitt - no er det tid for fest.
Tenestefolket ryddar borda og naboen vår, Laine De Wolfe sessar seg bak flygelet og spelesakene sine og fengande dansemusikk fyller lokalet og dei danseglade kan sleppa seg laus utover dei små timane, medan andre kan sitja i krokar og rom og røda i fred og ro om alt og inkjevetta.

Slik ser me føre oss at de vil ha ei triveleg avslutting på året..ring oss på 95406135 eller send oss førespurnad på post@storeringheim.no og prøv sjølv:)

torsdag 11. september 2014

Merete Bø - Godsaker frå Burgund

Merete Bø, Vossajenta og ein av Noregs beste vinkjennarar ærar oss med ei vitjing 9. og 10. oktober i haust.

Ho var her også i vår og tok då føre seg vinmarkene i Piemonte distriktet i Italia. Det var ein stor success med fullt hus to kveldar på rad. Først foredrag med smaking og så god mat etterpå i restauranten vår der dei nyvunne kunsskapane kunne testast.

Det vert mykje det same no i oktober men no konsentrerar ho seg om Burgund i Frankrike, det andre av favorittområda hennar  i vinverda.

Desse vinane vert presenterte der:

  1. Arlaud Charmes-Chambertin Grand Cru 2008 Rødvin
  2. Dom. Daniel Rion Chambolle-Musigny Vieilles Vignes 2009 Rødvin 
  3. d' Angerville Volnay 1er Cru Champans 2007 Rødvin 
  4. Roche de Bellene Meursault les Charrons 2011 Hvitvin 
  5. Matrot Puligny Montrachet 1er Cru Chalumeaux 2007 Hvitvin 
  6. Blain-Gagnard Chassagne Montrachet 2012 Hvitvin 
Det skulle vera eit rimeleg bra beite for Vossingar og andre som dei seinaste tiåra er vortne meir kresne på Kva dei leskar strupen med.

Som sist lagar me sjølvsagt til ein god meny som kan nytast etter hendinga. Denne er ikkje klar enno men vil garantert ta utgangspunkt i tilgjengelege råvarer no om hausten som vilt, lam, rotgrønsaker og skogssopp.

Det vert sikkert fullt sidan me har avgrensa med plassar, nytta høvet til å læra litt om eit godt vindistrikt frå ein verkeleg spesialist og avslutt med ein god middag.

Ting på 95406135 eller post@storeringheim.no